Økobønder og konvensjonelle bønder, bloggarar som meg, forskarar, agroindustrien, aksjonistar og betrevitarar, har dei siste åra slengt forsking i hovudet på kvarandre, som skal bevise kva landbruk som er "best". Jo lenger tida går, dess meir ser dette ut til å vere ei avsporing.
Framtidas økonomi gjer at produksjonssystemet for mat har utfordringar som gjer spørsmålet ovanfor nærast irrelevant. Kvifor? Framtidas blomstrande økonomi, vil vere den som er lokal, grøn og småskala. Det er den som vil styre framtidas matproduksjon.
Framtida? Om 10-30 år.
Den viktigaste innsatsfaktoren i matproduksjon, er petroleumsprodukt. Når olje er ein begrensa ressurs, vil all aktivitet som har olje som ein utgiftspost, bli redusert og gradivs forsvinne. PRemisset for det er at vi ikkje får noko fullgod erstatning ut over stasjonær vass-, atom- og kolkraft. Ny fornybar energi vil i framtida ikkje gje tilsvarande mobilitet og produksjonsevne som oljen. Resultatet er at all lengre transport og ein del industriell produksjon vil bli minimert.
Dette vil også gjelde landbruket. Det landbruket som er mest avhengig av fossilt brensel, vil bli enno meir ulønsamt, og ikkje vere økonomisk eksistensberettiga - all den tid det finst alternativ som kan ta over for å fø 8-10 milliardar menneske.
Alternativet er lokalt (marknad), grønt (t.d. utan fossilt brensel) og småskala (t.d. menneske og dyr gjer meir av jobben, mindre energikrevande landbruksmaskiner).
Dette er noko dei færraste ønskjer å vurdere som eit reelt framtidsbilde, så det vil bli oppfatta som irrelevant, og ei avsporing. Men eg trur at skal øko og konvensjonelle bønder kjempe for noko langsiktig, må det vere å vere i forkant av energi og klimakrisa som alle veit vil komme.
Meir kortsiktig, 0-10 år, her på berget. Kva kan bøndene einast om, i staden for å kjefte på kvarandres agronomiske metodar? Felles utfordringa er økonomi. Landbruksoverføringane vil ikkje på sikt kan utgjere ein større prosentdel av inntektene. Men sidan kostnader vil auke, og matprisane ikkje vil følgje det generelle kostnadsnivået, må bøndene finne løysingar utanfor statlege kroner for å overleve økonomisk. Då må dei vere smarte, og smart er ein som kjent i fellesskap. Dei viktigaste tilnærmingane trur eg er som følgjer:
1. Kutte kostnader. Dette går på agronomi, teknologi, effektivitet, samarbeid mm.
2. Utnytte lokale/gardens ressursar betre. Dette går på agronomi, kunnskap, driftsstruktur (mangfald vs einfald)
3. Kutte mellomledd både før og etter gard. Dette går på innkjøpsordningar og marknader.
4. Auke biologisk variasjon i produkta - opnar nye marknader, gjev større soliditet.
5. Nokon fleire?
Kven evnar å leie ei slik føre-var-utvikling? Det er jo lett å ty til organisasjonar som Bondelaget. Problemet slik eg ser det, er at den og liknande organisasjonar i seg sjølv inneheld ein konserverande struktur. Dei er bygd opp etter systemet slik det er i dag, og vil difor bevege seg svært sakte i andre retningar.
Er det nokon som kan tenke seg å vere med å lage eit dogme for framtidas matproduksjon?
Henning A. Hellebust
Recent Comments