Det er middagsvanane som bestemmer om bygdene våre skal gro att. Men det er ikkje forbrukarane som set opp menyen.
Av Henning A. Hellebust
Kva middagsrett trur du held kulturlandskapet ved like? Er det svinesteik basert på importert kraftfôr, eller er det lammesteik basert på beite? Sjølvsagt er det lammesteika – den er foredla lyng og beitegras. Kva om vi byter ut lam med kje? Her doblar vi effekten, for geiter er like svoltne på viekjerr og bringebærskot som den feitaste kløver.
Ja, då er det jo berre å byte ut svin med kje på norske middagsbord, så er saken bi…eh, geitefrikassé. ”Det går jo ikkje”, tenkjer du, ”for forbrukarane vil ikkje ha geit, dei vil ha feit bacon”. All statistikk syner at du har rett. Svin toppar lista, med 23 kilo per person i året. Storfe er nummer to, med 18 kilo. Vi et cirka elleve kilo kylling, fem kilo lam og 0,2 kilo anna. ”Anna” er vel geit og struts, tenkjer eg. Gris utgjer altså 40 prosent av kjøtet vi et. 160.000 tonn, fôra på importert soya og flate kornåkrar.
Fordi vi ønskjer det? Nei, forbrukar kan berre velje i varer vi vert tilbodne. Og det sortimentet er ikkje basert på etterspørsel. Vareutvalet er avgjort av dei som kan hente ut overskot frå produksjonen. I dag er det maskin-, fôr- og kunstgjødselindustrien. Dette er den einaste sektoren i landbruket det er råd å tene pengar i. Det er i denne industrien si interesse at bøndene driv intensivt med oksar på bås, kylling i tønne og gris i hangar. Det er til eit slikt landbruk dei kan selje varene sine.
Gjennom samvirkestrukturen har industrien stimulert til vekst i landbruket. Ein gard har avgrensa areal, så veksten er berre mogeleg å gjennomføre ved større innkjøp. Det har gjort marginane til bøndene mindre, og låna større. Einaste valet dei har då, er å auke produksjonen ytterlegare. Og ytterlegare. Fleire maskiner. Bygge større. Meir fôr. Meir kunstgjødsel. Trass i denne enorme omsetnadsveksten på det enkelte bruk, har ikkje bonden auka inntekta si. Det er fordi garden ikkje har vakse, berre innkjøpa.
Slik aukar inntektene til industrien, som vert ein sjølvforsterkande maktfaktor i norsk matproduksjon. Til dømes sit Yara i representantskapet til Jordforsk – det er Jordforsk som hjelper bøndene med gjødselplanar – som stemmer godt overeins med Yara sitt gjødselsortiment. Gjennom Yara er Staten sjølv av dei som har tent på industrialisering av kjøtproduksjonen – og stimulert utviklinga gjennom landbruksoppgjeret. Og hugs at John Deere har sikra posisjonen sin i Norge gjennom Felleskjøpet.
Bonden treng ikkje dyrt fôr og kunstgjødsel og 180 hestekrefter og mjølkerobot for å sende sau, geit, vestlandsk fjordfe eller utegangargris til skogs. Det er gratis - dei tre til seks månadane av drifta er rein netto. Og det er berre bonden sjølv som tener på det.
Vi må inn på maktfaktor nummer to, for å forstå kvifor bonden likevel satsar på intensiv produksjon. Næringsmiddelindustrien. Også denne tener på volum. Eit kje som brukar heile sommarhalvåret på å bli tolv kilo, og berre er leveringsklart om hausten, gjev ikkje noko omsetjing. Eit svin som veks 100 kilo på same tida, eller ein kylling som veks frå 60 til 950 gram på 34 dagar, derimot. Her er jamt tilsig, uavhengig av sesong. Og langt mindre bein å skjære ut per kilo kjøt.
Når Kjøttsamvirket har all makt, kan det også diktere prisane til bonden. På medlemssidene til Gilde, er det ikkje ein gong mogeleg å finne prisane på geiteslakt. Dyret er ein byrde utan produksjonslinje. I fjor vart det levert 139 økologiske geiter til Gilde, 5000 geiter totalt, og 260.000 gris.
Når slakteruta forlét gardstunet, sit Norsk kjøtt att med berg av svinekjøt. Klart Gilde må pøse på med fjernsynsreklamar for kotelettar då. Ei slik satsing på vekst og volum, gjev overproduksjon, og krev heile marknadsføringsbudsjettet. Så kva er det kunden vert freista til å kjøpe? Ikkje geit, i alle fall, men strimla svinekjøt dandert av reklamekokken.
I år kan bønder søke om tilskot til beiting, stølsdrift og bratt areal. Ein god tanke, men 5000 kroner for 100 kje på styrt innmarksbeite kan ikkje stoppe attgroinga. Som synt ovanfor, vert dette berre symptomdempande. Løysinga ligg i auka lokal verdiskaping. Bøndene må kople seg av industritoget, og utnytte ressursane på eigen gard betre. Dessutan må foredlinga skje lokalt, fordi sentralt bestemte produksjonslinjer ikkje tek høgde for lokal variasjon. Dette gjev mangfald, også i butikkane. Klarar medvetne forbrukarar samtidig å stå på krava om bærekraftig produsert mat, og boikottar bolekjøt, kan liene atter lysne. Og kanskje vert norsk landbruk redda i same fei.

Comments