Av Henning A. Hellebust
”Å ete er å drive landbruk”, seier agrarfilosofen Wendell Berry. I alle fall bestemmer matvala våre kor mykje jord som går med, og korleis den vert brukt. Våre måltid avgjer korleis dyra vert avla. Slik sett er vi alle bønder. La oss difor sjå kva gardsbruk ein gjennomsnittleg norsk familie på fire driv.
Mat til dyra - kjøt, egg og mjølk – tek det største arealet. Totalt snakkar vi om sju til ti mål. Matta på Ullevål stadion er litt knapp, men legg vi til eit par tennisbaner, skal det gå. Fordeling som følgjer:
På eitt år treng familien ein gris, seier statistikken. Skinker, sideflesk og kotelettar finn dei fleste i ein frysedisk. Slik bestemmer dei at grisen skal feitast opp saman med nokon hundre andre i ein hangarliknande fjøs, delt opp av blå skiljeveggar. Der går han på ein streng diett med aminosyrene lysin og metionin, mest gjennom importert soya og ert. Han treng omlag 600 kilo mat, inkludert kveite, bygg, havre og fiskemjøl. Etter 24 veker er han gryteklar. Ein tredjedel av stadion går med til å dyrke fôret.
Biff og kjøttdeig må familien også ha. Omtrent 80 kilo. Til det trengs 1/8 dels storfe – biff frå okse, kjøtdeig og grillpølse frå ku. Sjølv om Brutus er drøvtyggar, og har fire magar for å fordøye graset, er det kraftfôr som gjev biffen. Det går fortare. Protein frå bygg, soyamjøl, og kanskje litt mais, gjev bulande musklar. Så må stuten ha rikeleg med gras for å fylle opp vomma. Til saman treng heile dyret ti-femten mål jord, men til ein familie rekk det med halvtanna.
Kylling er digg. Familien treng 44 stykk. Kyllingen er avla fram slik at den er konstant svolten, og et så fælt at den er slakteklar på 30 dagar. Fôret til kyllingen kjem i tankbil, så dyrkinga slepp bonden å tenke på. Storparten er kveite, mais, durra og fiskemjøl. Familien treng eit halvt mål jord samt ein fabrikktrålar for å få 44 kilo kylling.
Kvar husstand på fire gnafsar i snitt i seg eitt lam på 24 kilo på eitt år. Lam går og beitar i fjellet, men ein del fôr skal til før snøen er vekke og graset grønt. Kvart lam treng om lag eit mål jord – mest gras.
Vi må ikkje gløyme egga. Det trengs 733 egg per år. Familien har gåande to høner som verper eitt egg kvar, kvar dag, heile året. Skjønt, gåande. Dei fleste står jo i nettingbur i eit helvetes spetakkel saman med 5000 andre. Som hjå grisen, er det også her aminosyrer som gjev volum. Dietten er kveite, havre, fiskemjøl og skjelsand, tilsaman 120 kilo. Den vegetabilske delen kan dei dyrke på eit halvt mål, eller på ei villatomt.
Så berre må vi ha mjølk. Vi må ha smør, ost og fløyte. Til saman treng familien 1260 liter kvitedrykk. Ei gjennomsnittleg ku mjølkar 60 dagar for å få ut slike mengder. Det er cirka 20 prosent av årsproduksjonen på 6400 liter. Kua må ete det jorda kan klare å avle på tre mål, for å produsere slik mengder. Det er mest gras, som blir lagt i ballar eller i silo, men også mykje kraftfôr av bygg og soya.
Legg til eit par mål, og det er rikeleg med jord til grønsaker, korn, frukt og bær. På eitt mål, får vi ut 3000 kilo Beate-poteter eller 500 kilo kveite eller 300 kilo erter. I tillegg må vi ha litt fossilt brensel for å klare ein slik produksjon. Rundt fire liter per kilo kjøt – ein kubikkmeter – 1000 liter – for kjøtet åleine.
Sånn, no er vi oppe i eit lite småbruk – slik du gjennom dine innkjøp har bestemt at det skal vere. Ikkje akkurat eit lite stykke Norge, men mange små brikker i eit globalt industrikompleks. Vi tenkjer kanskje ikkje over at mjølka på dette bruket gjev oss protein frå ein maisåker i USA (hæ?) - at vi gjennom biffen får næringa frå ein kornåker i Canada (atte?) og ein gjødselfabrikk i Glomfjord (akkurat) – eller at stjernegrisen forsyner deg med feitt frå soya produsert i Mosambik. Eller at kjøtforbruket gjer at vi treng fire gonger meir jord enn utan å ete kjøt.
Sjølv har eg slutta å kjøpe svin og kylling. Eg orkar ikkje tanken på å tygge i meg muterte dyr, fostra på importere proteinblandingar. Det einaste økologiske tilbodet på kjedebutikkane her i området, er kjøttdeig – dei oppmalte økomjølkekyrne. Så eg lurer på å sleppe nokre griser på skogen. Der kan dei gå og grave etter makk og røter, rulle seg i myra og lukte på måsen. Eg har allereie plassert tre geitekillingar på ein holme, der dei ruslar rundt og nappar grøne skot.
”Heldig er han som har skog og holme”, tenkjer du. Det har faktisk du også. Hugs kva Berry sa. Du forvaltar all skog og kvar ein holme i Norge gjennom matvala dine. Litt fortgang får du ved å sende ein e-post til konsernsjefen i Gilde, axel.krogvik@gilde.no, og utviklingsdirektør ragnhild.solheim@gilde.no. Skriv at du berre kjøper svin om dyret har fått leve eit naturleg liv i skogen, utan menneskeføde. At du ikkje er interessert i bola storfe, men vil ha geitelår til middag. Du må stå for dette, og klare deg med lite eller inkje kjøt ei stund. Når fryselagera blir fulle, tek nok Gilde hintet. Vips – skogen på småbruket blir full av svin. Det har du bestemt. Det er jo du som er bonden.

Comments