Økofienden Landbrukssamvirket: No skal eg illustrere kvifor administrerande direktør Ole-Jakob Ingeborgrud i Landbrukssamvirket tek feil og moderniseringsminister Morten Meyer har rett i debatten om mangfald i matnorge. Korleis? Jau, du skal få kike i kjøleskapet mitt. Sjå, det er halvtomt. Ein pakke pølser, ein ost. Fire egg. Tysk sylteagurk.To glas sennep og noko Mango Chutney. Litt grønsaker, heimelaga rips- og solbærsylte. Kefir og rismjølk.
Det er ikkje fordi eg har dårleg råd, ei heller fordi eg diggar Grandis. Nei, det er fordi eg berre kjøper økologisk mat. Då vert det ikkje mykje kjøping. Det er rett og slett eit labert utval. Eg skal ta bevisførselen ut av mitt eige kjøleskap.
Når eg skal handle i Førde, går eg først på Coop Mega, som har størst utval økologiske ferskvarer i mitt område. Pålegget dei har, er økologisk fårepølse og økologisk Norvegia. Heilt ok produkt. Tannlause, ja, men det er då noko. Men det er alt frå. Eitt påleggsprodukt kvar frå Gilde og Tine. Utval som i ei muslimsk spritsjappe. Vel, så er det ein dansk blåmuggost og brie der også, så då har eg tre ostar.
Neste vare på handlelista er egg og fjørfe. Prior har økologiske egg, så då vert det omelett med sjølvplukka kantarell til kvelds. Jippi! Kylling eller kalkun? Nei, ingen økologiske produkt. Berre bola broiler. Eg trillar vidare til ferskvaren. Der kjem eg med eit lite hurrarop - nytt av i haust: ferskt økologisk storfekjøt, åtte typar - kjempebra! Litt meir å velje mellom no enn mitt sedvanlege alternativ – frosen økologisk kjøtdeig og kjøtkaker. Dette reddar strykkarakter.
I mjølkekjølen finn eg økologisk Kefir, eitt av 20 ? surmjølksprodukt. Og økologisk lettmjølk. Rømme, er det vel. Ikkje smør, sjølv om dei lagar økologisk smør på Røros. Mangfald kan ein ikkje kalle det. Ikkje for meg, som skyr unna konvensjonell mat.
Neste: grønsaker. Utvalet her også er begredeleg – samanlikna med dei bognande konvensjonelle diskane. Ein sort poteter, lauk, gulrøter, kålrot og kål. Takk som byr. Men tomat, då. Kvar er tomaten? Den saftige, aromatiske, fyldige…sukk. Salaten? Urtene? Purren? Og kvar er det forresten økologisk frukt?
Etter Mega køyrer eg bort til ein butikk som heiter Asiatisk mat – som er ein av butikkane med størst økologisk tilbod i heile landet. Sjølv om frukt- og grønsaksdisken berre er ein kvadratmeter stor, er det Mekka kvar fredag for meg. Butikken har nesten alt ein kan tenke seg. Relativt sett. Det 50 kvadratmeter store lokalet har jo avgrensa plass. Hovudproblemet til butikken – som tener 2000 kroner månaden på kona mi og meg – er at det meste av maten må importerast. Slik kan prisane bli i tøffaste laget. Og Ingeborgrud, det er ikkje ei vare å sjå frå ei einaste samvirkeverksemd. Brorparten av mitt årlege forbruk på 24.000 kroner på denne butikken går til utlandet.
Og sånn går nu dagan. For meg er det likegyldig om Tine lagar 100 ulike ostar, og Gilde 100 ulike pølser, når berre to av dei er basert på bærekraftig, giftfritt landbruk. Og ikkje kom med den at norsk konvensjonelt landbruk er bærekraftig og nær giftfritt. Som eit døme er vanleg mjølkeproduksjon 74 prosent meir energikrevjande enn økologisk. Og du finn få bønder som ikkje legg bøen brakk med Roundup. I fjor var det registrert 47.000 gardbrukarar med sprøytesertifikat i Norge.
Kom heller ikkje med den om at marknaden er dårleg. Kvar einaste undersøking, kvart einaste forsøk, viser at kundane ser seg rådlaust om etter økologiske varer. Forbrukarane kjøper gjerne økologisk, og betalar gjerne litt meir. Problemet er berre at det er så lite å velje i, at det er ein for omfattande jobb å handle mat, og umogeleg å vere konsekvent. Eller så er det så godt gøymt, at kundane knapt veit at det finst økologiske varer. Og så finst det så lite variasjon, og produksjonen er så liten, at prisane vert særs høge.
Så det du kallar myter, er fakta. Det er eit elendig utval av norske økologiske matvarer. Og ein av dei viktigaste årsakene er direktørane i Samvirkeverksemdene og dei som tilset desse. Det er vel bøndene. Organisasjonen er stokk konservativ, manglar kunnskap om økologisk mat og har tydelegvis djup forakt for kunden. Så sit dei der i direktørstolane sine og sutrar når nokon problematiserer systemet deira. ”Å, stakkars oss, vi må ha monopol for å kunne møte konkurransen frå dei store, stygge utlendingane.” Vel, slik de held på no, er det allereie utlendingane som får mine pengar.
Av
Henning A. Hellebust

Comments