Ingen planar for økologisk landbruk: Partiprogram er artig lesestoff når det nærmar seg val. I alle fall dersom ein ønskjer endring. Eg, til dømes, meiner økologisk landbruk er til det beste for alle som et, kulturlandskapet, det biologiske mangfaldet, miljøet og små lokalsamfunn over heile landet. Slik sett er eg eining med dei fleste erfaringar og forskingsresultat herifrå til Calcutta – og dei fleste politikarar. Difor sette eg meg til å leite etter parti som ønskjer det same som meg - gjennomføre radikale tiltak for å auke økologisk produksjon. Altså, litt meir futt enn Stortingets fem år gamle vedtak om ti prosent økologisk areal innan 2010.
Skuffa. Det er faktisk berre småpartia i sentrum – Venstre, Sp og Krf – som i det heile teke har noko konkret politikk på feltet. Ikkje stort, rett nok, men litt.
Venstre sitt eine konkrete tiltak er å sikre eit nasjonalt tilbod om undervising i økologisk landbruk. Litt artig, sidan den einaste vidaregåande skulen med eit fullverdig økologisk studietilbod, har vore ute av statsbudsjettet fleire gonger den siste regjeringsperioden. Rektor ved Sogn jord- og hagebruksskule brukar meir tid på å lobbe for å halde skulen i live, enn å vere rektor. Venstre sitt mål om 20 prosent økologisk jordbruksareal innan 2020, kan halde hardt utan bønder med rett utdanning.
Sentarpartiet vil stimulere etterspurnad ved å auke støtta til marknadsføring og distribusjon. Hmpf. Når folk vert spurt, svarar over 50 prosent at dei handlar eller vil handle økologisk. Like mange går rundt og leitar etter ikkjeeksisterande varer i butikkhyllene. Kor høgt må forbrukarane rope for at Sp skal høyre dei? Sp vil også styrkje kunnskapsformidlinga – eg reknar at det tyder å betre utdanningstilbodet. Partiet vil også ha meir forsøksverksemd. Ironisk: utruleg konkret, Haga.
Krf sitt partiprogram lovar lite, men syner til at det er utarbeida handlingsplanar for forsking og marknadsutvikling. Det trengs, for Norsk senter for økologisk landbruk, vår numero uno forskingsstasjon på feltet, vurderer permitteringar grunna manglande pengar til forsking over statsbudsjettet. Øh, men er det ikkje Bondeviken som styrer slikt for tida? Pussig.
Den store overraskinga i programstudien, er SV. Der står det: ”Det må vere rom for både økologisk produksjon og anna miljøvenleg produksjon.” Punktum. Rimar ikkje heilt med oppslaget på www.sv.no – ”Du kan bli med å kaste regjeringa, og å skape et grønnere (…) Norge.” Eit lite paradoks, når partiet sin viktigaste bodskap er grøn, så er det ingen handlingsplan for eit av dei grønaste tiltaka, økologisk landbruk. Eg stønnar, Kristin.
Høgre har ikkje ordet økologisk på sine nettsider. Frp meiner det er viktig for norske bønder å sjå marknadsmogelegheitene ved økologisk produksjon. Terningkast ein av Natur og ungdom.
Ap vil ”styrke statsingen på økologisk landbruk(…)”. Ja, eg også likar krig og fred og sånn. Og biologisk mangfald og kulturlandskap og sånn – som alle partia uttrykkjer at dei vil ha.
For skams skuld sjekka eg mikropartia også: Miljøpartiet De Grønne er herlig radikale, og vil avvikle kunstgjødselproduksjon på ti år. Kystpartiet vil ha Innovasjon Norge til å støtte foredling og marknadsføring av økologiske produkt. Miljøbesting RV har ingen konkret politikk på økologisk landbruk. Sarkasme: Bra spørjeundersøking av Natur og Ungdom, Kismul, skikkeleg bra!
Kvifor ikkje skrive det slik: For å auke økologisk produksjon til 50 prosent innan 2020, vil vi utvide studietilbod på vidaregåande- og høgskulenivå. Auke forskinga. Styrke kontrollorganet Debio. Favorisere økologiske driftsmodellar gjennom jordbruksoppgjeret. Gje miljøgevinstar gjennom skatte og avgiftspolitikken. Fjerne moms på debiostempla matvarer. Til slutt: innføre økologisk mat i stortingskantina og alle skulemåltid. Enkelt.
Sidan 95 prosent av alle bønder driv konvensjonelt, er slik programfesting umogeleg. Ved å satse på økologisk produksjon, undergrev ein arbeidet til desse nesten 60.000, pluss deira familiar. Dessutan alle tilsette i kunstgjødsel- og sprøytemiddelindustrien og deira familiar. Alt for mange veljarar. This… is veljarfrykt i praksis.
Av Henning A. Hellebust

Hei.
For ei utruleg bra side dette er! Har akkurat oppdaga den, og ikkje hatt tid til å lese absolutt alt. Eg deler nok mykje av tankegangen her, sjøl om vi ikkje har omsett den i praksis enda.
Bur sjøl på gard, med 130 vinterfora sau, ein ufattelig liten mjølkekvote på 32 tonn, sju geiter(som no har fått 5 kje, sjøl om bukken vart kastrert i fjor...) Hadde også sju høner inntil for to veker sidan, men reven kom seg inn i huset og avslutta dette.. 130-140 mål dyrkamark, pluss noko leiejord. Utmarka består av omlag 90.000 da, av dette er 73'da Innerdalen landskapsvernområde, og "resten" kring garden. Der er også omlag 10.000da av vår eigedom verna som naturreservat. I Innerdalen driv vi seter og turisthytte. Har alle kyrne der, og foredler mjølka på staden. Sauene går i høgfjellet (nokon må holde liv i jerven også..), og geitene hjelper meg med å halde ope kulturlandskapet eg prøver å få i stand att kring setra.
Sjølv om vi driv konvensjonelt landbruk på garden vår er eg forferdeleg einig i det meste som står her. Eg er verkeleg bekymra over kor verda er på veg, men så lenge vi let kun markedskreftene rå er det vel slik vi vil ha det.
Eg skal i alle fall lese denne sida "frå perm til perm"!
PS. Husk at det er samvirket som har sørga for at det faktisk er landbruk praktisk talt over heile landet enda. Sjøl om ikkje alt dei gjer er bra, er det jordbruksforhandlingane som legg premissa for kva pris dei kan gje, og korleis dei skal satse. På den andre sida har du nok rett i at det er ein del "gammeldagse" tankar ute og går i dei ulike samvirkestyra.
Venleg helsing
Eystein Opdøl
Posted by: Eystein Opdøl | 28.03.06 at 15.40