Korleis får Prior så gule plommer i solegga sine? På eggekartongen står det at dei nyttar mais i foret. På heimesidene til Prior er forklaringa betakaroten til tuppene. Ingen av delane stemmer. Nei, det dreier seg om tilsetting av fargestoff, kvantifisert etter folks betalingsvilje for gulare plommer. Les historia om ei litt lurare plomme nedanfor...
I dag har eg spist eit egg med særdeles gul plomme. Solegg, står det på pakken. Og steikepanna romma verkeleg ei lita sol, den stråla mot meg, der den låg og putra. Eg tenkte at desse hønene må ha hatt det fint. Nappa etter grøne strå under den blå himmelen. Tusla bort i rugekassa og lagt eit egg med den gyldnaste plomme.
På pakken står det ingenting om det frie livet. Dei står i bur. Verda er av netting og stål. Kanskje kaklar 5000 i ein hangar. Det næraste dei kjem sola, er lysstoffrøra. Den gule plomma kjem av maisen hønene et, står det på pakka. ”Godt gjort”, tenkte eg, ”at plomma er mykje gulare enn maisen tuppene etter seiande får servert”.
Kva er det då som smiler så gult til meg i steikepanna? Dette må undersøkast nærare. Frisk i minne ligg historia om den knall rosa laksen. Ja, dei rødmande filetane, som skal illudere at oppdrettslaksen lever på raud kreps, men er resultatet av det syntetiske fargestoffet astaxanthin tilsett i fôret. Driv Prior med same leiken? Prøver dei å auke appetitten min ved å gje egga ein meir fordelaktig farge? Prøver dei å selje meg noko dei ikkje har?
I spørsmål-og-svar-spalta på nettsidene til Prior, står det at gulfargen kjem av ekstra vitamin A, karoten, i fôret, og ”ofte har disse hønene ekstra mais i fôret”. Altså to forklaringar frå eggprodusenten, men ingen er fasit. Rett svar er tilsetting av fargekonsentrat i fôret. Det er ikkje nok med mais for å få så gule plommer, til det er nivået av fargestoffet xantofyll alt for lågt. I følgje fôrprodusenten Felleskjøpet, trengs det meir konsentrert farge. Det får ein ved å ta ut ekstrakt frå tagetes og paprika, gult og raudt.”Den gode gule smaken!” står det på kartongen. Smaken av fargestoff.
Kartongen gjev inntrykk av at mais er viktigaste ingrediensen i fôret. På Felleskjøpet sine heimesider, derimot, står det at protein- og feittråvaren i egga er soya. Og høgt innhald av rapa, erter og norsk kveite og havre. Mais er ikkje nemnt. Pussig liten forskjell, dette. At Mattilsynet i 2003 påviste GMO i fôret, står heller ikkje på kartongen.
At solegghønene drit våtare, og at både dei og egga er skitnare enn andre, står heller ikkje på pakken. Årsaka til den konstante diareen, er høgt fiberinnhald i vegetabilsk fôr. Andre høner får mellom anna fiskemjøl som proteinkjelde. I eit naturleg liv, vel småtuppene også animalske proteinar, som makk og insekt.
Kvifor denne ekstra fargen? Jau, fordi marknadsundersøkingar synte Prior kva plommefarge kundane var villige til å betale mest for. Svaret var at betalingsvilja auka med fargeintensiteten. Nett som i lakseindustrien, nyttar Prior fargeskalen kalla Roche. Den syner intensiteten på fargen, der 1 er svært lys gul, og 15 er mørk gul-rød. Slik kan ein sei at skalaen er eit styringsreiskap til å lage den fargeblandinga som gjev best betalte egg. Vanlege egg ligg på cirka åtte, Solegg ligg over 12. Det er vel der Prior har funne ut at smertegrensa for betalingsviljen går.
For å unngå slinger i plommefargen, må produsentane som vil lage Solegg, inngå spesialavtale med Prior. Avtalen sikrar mellom anna at dei nyttar spesialfôret nemt ovanfor, Kromat Solegg, utvikla og selt av Felleskjøpet. Sidan fargestoff kostar, er også fôret dyrare. Slik vert også egga i butikken dyrare. Vel, fôret kostar sju prosent meir enn snittpris på vanleg fôr, medan egga kostar 22 prosent meir på min butikk.
Solegg - litt lurare plomme.
Av
Henning A. Hellebust
Først publisert i Ren mat

Uff da. Det var jammen godt skrevet og skremmende. Man kan ikke stole på maten i det hele tatt! Jeg og mine barn har intoleranser mot det fleste matvarer. Vi tåler overhodet ikke laks pgå fargestoffene antar jeg. Det er ille at det ikke er bare godteri de propper med fargestoffene men også vanlig skulle vært sunn matvarene. Jeg gleder meg til å lese mer på bloggen din! Takk for at du bryr deg om tema og deler din kunnskap med andre!
~Emily
Posted by: Emily Moss | 17.12.08 at 19.39