Kvar matbit vi puttar i munnen er med å skru opp temperaturen på jorda. Riktig – kvar gong du et deg god og mett, er du sisteleddet i matens skjerv av den globale oppvarminga. ”Ja, men vi må jo ha mat”, tenkjer du. Ja, vi må det. Men vårt daglege treng ikkje føre til global oppvarming. Sjå tiltaka for eit klimanøytralt kosthald nedanfor.
Continue reading "Matens klimabidrag" »
Kan bøndene sjølv redusere klimautsleppa i landbruket? Det var det store spørsmålet då framsynte bønder i Jølster bonde- og småbrukarlag, Yre Jølster Bondelag og Tine inviterte til klimadebatt på Vassenden. Innleiar var miljøkjemparen Erik Solheim.
Trur du bøndene tok sjølvkritikk?
Continue reading "Bønder diskuterte klima" »
Det fremste grepet for å få opp økologisk produksjon, er å gjere den mindre økologisk.
Akkurat no er det ein intens kamp for å auke produksjonen av økologisk mat i Norge. Eitt av grepa er å gjere økologisk mat mindre økologisk. Jepp, du leste rett. Dersom vi skal få fleire bønder til å drive økologisk, er det ikkje bøndene si drift som skal endrast, men regelverket som skal tilpassast eksisterande, konvensjonell drift.
Continue reading "Spenn kyrne fast!" »
Recent Comments