Om Ordomjord

  • Ordomjord er etablert for å
    diskutere økologiske og lokale perspektiv på mat, jordbruk og samfunn. Målet er å inspirere til ny og kreativ tenking i ei tid då mat aldri har vore mindre lokal enn no.

Kven bloggar?

« Agrohuset - jordbruk i byen | Main | Bønder diskuterte klima »

Spenn kyrne fast!

Det fremste grepet for å få opp økologisk produksjon, er å gjere den mindre økologisk.

Akkurat no er det ein intens kamp for å auke produksjonen av økologisk mat i Norge. Eitt av grepa er å gjere økologisk mat mindre økologisk. Jepp, du leste rett. Dersom vi skal få fleire bønder til å drive økologisk, er det ikkje bøndene si drift som skal endrast, men regelverket som skal tilpassast eksisterande, konvensjonell drift.

På bås i ti månader

Store delar av økorørsla, inkludert Oikos, er ein del av pressgruppene som jobbar for eit mindre økologisk regelverk. Årsaka er at ein oppfattar at reglane er for krevjande eller for dyre å oppfylle til at vi når målet om 15 prosent økologisk landbruk. For å nå målet, må vi difor endre reglane. Ein av kampsakene er å jobbe for at økologiske mjølkekyr framleis skal kunne bindast fast på bås ti månader i året. Mjølkekyr i båsfjøs bygd før år 2000, har nemleg vore unnateke forbodet mot oppbinding, mot at dyra får individuell oppfølging og mosjon eit par gonger i veka. Men så seier det overivrige økologiske regelverket at i 2011 er det slutt. Då skal alle økokyr få gå fritt i lausdriftsfjøs.

Dette betyr store investeringskostnader i nye eller ombygde fjøs for svært mange norske bønder – som enten vil legge om eller halde fram med å drive økologisk. I haust har Oikos difor konkludert med at små buskapar må få fritak frå kravet om lausdrift frå 2011. Fritaket skal vare til 2024, når også alle konvensjonelle kyr skal få gå fritt. Oikos set ei grense på 25 kyr. Talet 25 er sett ut frå ei matematisk berekning om at det vil vere gjennomsnittsbuskapen i 2011. Bakgrunnen for fritaket er å få opp den økologiske produksjonen.

Uøkologisk

Kyr på bås har det verre enn sine frittgåande søstre. Det finst ingen faglege argument mot godt planlagde lausdriftsfjøs kontra båsfjøs. Å halde fram med båsfjøs, er difor i strid med grunnleggande ideologi, om at ”økologisk landbruk skal skape eit miljø som tilgodeser husdyra si naturlege åtferd og behov”.

Som tillitsvald i Oikos vest vart eg litt paff då eg skulle kommentere høyringsutkastet til Oikos. Eg tenkte at det kan ikkje vere oppgåva til Oikos å gjere regelverket meir tilpassa konvensjonell drift. Kven er det då som skal tala dyra og jorda si sak? Kva er det neste, tenkte eg. Å tillate 40 prosent menneskemat til drøvtyggarar? Å frakte økologisk dyrefôr rundt halve verda? Å ta i bruk kunstgjødsel? (Orsak, det med fôr rundt halve verda og menneskemat er visst lov. Har du sett.) 

Monsanto held pennen

Denne artikkelen handlar eigentleg ikkje om båsfjøs kontra lausdrift. Den handlar om eit økologisk regelverk i endring, og kven som lobbar for å få det vatna ut og tilpassa konvensjonell produksjon. Når kommisjonen i EU endrar det økologiske regelverket, slik at det er lov med 0.9 prosent genmodifisert materiale i økologisk mat, er det ikkje miljø eller helse eller føre var som er vurdert. Det er Monsanto sine tentaklar som pirkar i landbrukskommisjonæren (kan du sjå det for deg?). Når ein argumenterer for båsfjøs i økodrift, er det ikkje dyrevelferd som er vurdert, men korleis ein på enklast mogeleg vis kan mette marknaden utan at nokon må betale noko. 

Regjeringa sitt mål om 15 prosent økologisk produksjon er i så måte god gamal bondefangeteknikk. Målet er med å engasjere og mobilisere økorørørsla og alt anna som flyg rundt fjøslampa, at mål ser ut til å bli viktigare enn innhald. Står regelverket i vegen, hjelper Oikos til med å argumentere mot det. Problemet er berre at lang nok utholing av regelverket vil føre til at forbrukar ikkje lenger finn Ø-en truverdig. Då er vi like langt.

Bonde vs. forbrukar

Problemet er kanskje at interessene til bønder og forbrukarar står i motsetnad til kvarandre. Bønder må tene pengar på drifta, medan forbrukarane vil ha etisk og helse- og miljømessig forsvarleg mat. Det er like lite lønsemd i å investere fire millionar i ny fjøs, som det er etisk akseptabelt med båskyr for den økologiske forbrukar. I dag er det difor heller produsentane og 15-prosent-mantraet som styrer Oikos, enn forbrukarane.

Oikos er sjølvsagt ansvarlege for å hjelpe til å få opp produksjonen. Alle tillitsvalde i organisasjonen jobbar hardt, og med dei beste intensjonar, for at vi skal få meir økologisk landbruk. Poenget er at Oikos kanskje burde bruke mindre krefter på å få tilpassa regelverket til konvensjonelle bønder, og heller jobbe meir for gode løysingar innanfor regelverket.

Når agroindustrien er i ferd med å annektere det økologiske landbruket, og alle slag opportunistar prøver å kjøpe seg goodwill ved å ta ordet ”økologisk” i sin munn, burde Oikos heller jobbe å skjerpe regelverket. Og syte for at det ikkje er Monsanto og ei regjering på stemmesanking som bestemmer utviklinga, men omsyn til dyr, miljø, klima og helse.   

Henning A. Hellebust

Comments

Det er inga absolutt sanning at lausdrift alltid er betre enn båsfjøs. Vi finn heilt sikkert båsfjøs der kyrne har det betre enn i lausdrift. Og er det ikkje slik at lausdrift framleis gjev fritak for 8 veker sommarbeite? Norsk landbruk sitt vanvittige volumjag pregar denne debatten og, slik som dei fleste andre debattar. Men det er heilt sikkert mogeleg å byggja lausdriftsfjøsar for små økologiske buskapar. I mi gamle bygningslære frå 1971 er bingefjøs med talle omtala som eit alternativ til båsfjøs. Kanskje nokon vil byggja verdas minste lausdriftsfjøs for kyr? Eller kanskje nokon har gjort det??

Når eg snakkar om lausdrift, så snakkar eg prinsipielt. Det finst mange elendige lausdriftsløysingar der ute, som er planlagt av bygningsfolk, ikkje folk med høg kompetanse på storfeåtferd og lsudrift. Kor ein snur og vender på det, er storfe flokkdyr. Dei har flokkinstinkt, og har rørslebehov. Tek ein vekk grunnlaget for å utføre den åtferda, er dyrevelferda redusert. Gjeld ikkje det same med geit og sau? Lausdrift har i prinsippet ingen ting med volum å gjere, ein kan godt ha to mjølkekyr laust på talle i eit grindverksbygg, eller i ein møkakjellar, slik som Christian Z... Men alt som har å gjere med investeringar i dag, har med volum å gjere fordi kostnadane ved investeringar, er i ein annan dimensjon enn inntektene.

Jeg skal da klare å bygge løsdriftsfjøs til mine 150000 l økomjælk og samtidig tjene penger på gårdsdrifta. Prinsippskissene er klare alt... Men så er det å velge hvilken av de man skal gå for da...

Verify your Comment

Previewing your Comment

This is only a preview. Your comment has not yet been posted.

Working...
Your comment could not be posted. Error type:
Your comment has been posted. Post another comment

The letters and numbers you entered did not match the image. Please try again.

As a final step before posting your comment, enter the letters and numbers you see in the image below. This prevents automated programs from posting comments.

Having trouble reading this image? View an alternate.

Working...

Post a comment