Japan, 1960: Eit meir liberalt importregime skapte mistillit til mat med stadig meir sprøytemiddelrestar og tilsettingsstoff. Samtidig som småbønder slutta å tene pengar i konkurranse med australske storbønder. Noko måtte gjerast.
Kva skjedde? Og kvifor er dette relevant for deg? Les vidare og bli klok!
Det var i Kobe dei snudde på flisa. Ein gjeng forbrukarar byrja å samarbeide direkte med lokale bønder.
Samarbeidet vart kalla Teikei, mat som ber bondens andlet. Det skulle gje trygg og lokal mat til forbrukarane, og sikre inntektsgrunnlag for bøndene. Samarbeidet gjekk ut over det reint forretningsmessige, var oversiktleg for alle partar, basert på gjensidig respekt og tillit. Produksjonen har vore økologisk, og omsettinga direkte frå bonde til forbrukar. Ein skulle strekke seg etter eit mål om å leve fullverdige økologiske liv.
Ikkje snøring
Er det eigentleg nokon forskjell på situasjonen i Japan på 60-talet, og matvareforsyninga i dag? Eller, la meg spørje på ein annan måte: Kva veit du eigentleg om den maten du serverer deg og dine? Enten du no er gardbrukar frå Lom, eller forbrukar frå Lommedalen, tippar eg du har fint lita oversikt over produksjon, foredling og distribusjon av det meste i kjøleskåpet ditt. Kom igjen, berre opn opp døra og motbevis meg.
Enn så lenge, vil eg påstå at dei fleste matval frå di side, er basert på det geniale marknadsstrategar i ein toppetasje – langt frå deg – har klart å klekke ut. Du er langt på veg fjernstyrt. Sett ut av stand til å ta val som er gode for deg, klimaet, eller bonden som driv jorda for deg. Vil du ha døme?
Soya i økoegg
La oss byrje med økologiske egg. Kortreist tenkjer du kanskje, men ein del av fôret er faktisk soya. Det er kjøpt på den internasjonale soyabørsen, men er oftast dyrka i Sør-Amerika og prosessert i Tyskland. Vår auka etterspørsel etter soya, krev nye areal til å dyrke belgplanta. Dei nye areala erstattar ofte regnskog.
Veit du at din økologiske biff truleg har kryssa Norge fleire gonger på veg til din tallerk? Først er ein god del av maten til oksen køyrt rundt halve landet til fjøset. Når den er vaksen, vert den frakta til eit slakteri og avliva, køyrt halve landet igjen, og så skjært opp og pakka på eit anna. Også herifrå er det som regel nokre hundre kilometer til din handlepose. Eller, veit du at maten til dei økologiske mjølkekyrne like gjerne kan vere havre frå Canada, som timoteien på mjølkekartongen?
Kor mykje vitaminar trur du eigentleg det er att i dei fire visne økologiske epla frå Argentina? Og kor mykje olje går det med for å frakte dei til din supermarknad? Og kor mange øre trur du bonden frå Mendoza får av dei 30 kronene du betalar? Veit du at sjølv i økologiske speltkjeks frå Holland, klarar dei å blande inn herda palmefeitt, som i nok mengder er med å redusere livskvalitet og livslengd?
Meir skit, mindre mat
Anten du held deg til økologisk eller konvensjonell mat, så er lista ovanfor berre nokre døme på at mat er eit puslespel det nærast er uråd for oss som forbrukarar å legge. Det er så uendeleg mange brikker, og dei fleste er så langt borte at dei ikkje går an å få auge på. For å spissformulere det, kan ein sei at jo større krinslaupa til maten er, dess mindre mat og meir skit hamnar det på tallerkenen vår. Med større energiforbruk og meir forureining som konsekvens.
Difor meiner eg at det ikkje held å kutte ut kunstgjødsel og sprøytemiddel og sette på ein grøn Ø. Matvaresystemet korrumperer også økoomgrepet.
Antitese på globalisering
Eg ser japanske Teikei som sjølvaste antitesen på det globaliserte og tilslørte matvaretyranniet. Som idé er dette meir ”revolusjonært” enn økolandbruket. Den økologiske biten er innebygd – samtidig tek det nære samarbeidet mellom bonde og forbrukar eit oppgjer med dei negative sidene av globaliseringa.
Så har også ideen om Teikei spreidd seg til Europa og Amerika. På engelsk er dette omdøypt til Community Supported Agriculture, CSA. I Nord-Amerika nærmar det seg 2000 gardar. I Norge er driftsforma knappast etablert, fire gardar er i gong. På norsk heiter det andelslandbruk, og kan organiserast som BA. Forbrukarar i nabolaget kjøper andelar i drifta, som dei kan hente ut att i varer.
Kvifor er då omfanget så puslete, dersom ideen er så stor? Svaret er at her er det ingen sterke økonomiske interesser og marketingavdelingar som er med å dra lasset, slik økolandbruket har i dag. Mellomledda, det vil sei marknadskreftene, er fjerna. Det er berre den enkelte bonde og forbrukarar i nabolaget som tener på dette. Ja, og så planeten, då.
Av Henning A. Hellebust
PS. Ok, eg er ein av dei gardane som akkurat no held på å etablere andelslandbruk på garden min. Du kan sjekke den her. Fordelen for meg, er at eg kan drive ein svært samansett og variabel produksjon av både planter og dyr, og eg kan auke innteninga med direkte omsetning. Hovudforklaringa ligg i at alle mellomledd - bortsett frå slaktaren - er vekke, og at eg berre produserer akkurat det kundane mine vil ha.
For andelshavarane sin del, vil dei få den maten dei måtte ønskje, produsert etter ein standard dei er med å setje. Maten vert så fersk som det er mogeleg å få den, og det er ingen hemmelegheiter - "kundane" er jo sjølv bønder. Alt til ein pris som kan konkurrere med kva butikk som helst. I tillegg får dei alle dei opplevelsane dei måtte ønskje i tilknytning til husdyr og gardsdrift.
For dei som vil starte med andelslandbruk, sjekk følgjande nettsider: www.andelslandbruk.no.

Jag blir rädd är jag läser att sk. økoegg kommer från soyaprotein. Hur kan man kalla det för ekologiskt? Kanske borde det ske revidering av vad som egentligen är øko, om økohöns får soyaprotein och økokor äter kanadahavre (för dom får väl inte soya?) Det är neslående att tänka på att man trots egna ansträngningar bli så förd bakom ljuset av matmonoplet.
Posted by: stiftet | 29.01.08 at 15.44
Eg snakka med direktør for i Felleskjøpet fôrutvikling (FK). Han sa at det er stort underskudd på økologisk fôr, spesielt det med høgt proteininnhald. FK ønskjer å følgje ideologien med nasjonalt produserte proteinråvarer, men hevdar at det i dag ikkje er tilgjengelig, difor er einaste måten å gå på ein internasjonal kornbørs å handle.
Posted by: Henning A. Hellebust | 29.01.08 at 18.42
Hela øko-begreppet är ett skämt, jag har haft en brevväxling med Felleskjøpet där dom säger att soyaprotinen faktisk kommer från Brasilien eller Tyskland (antar att man inte har soyaodlingar i Tyskland?). Man har också køpt partier från Kina. Fodret innehåller dessutom fiskmjöl, efter vad jag har förstått är den fisk man gör om till djurfoder den föda som torsken skall ha. Att äta ekologiska ägg innebär alltså att bidra till utrotningen av fiskebeståndet i våra hav samt till nedbränningen regnskogen som i sin tur är en av orsakerna till klimatförändringen. Vad skall man dra för slutsatser av det här? Att kalla en sådan vara för ekologisk är lurendreieri.
Posted by: stiftet | 01.02.08 at 21.28
Problemet er samansett. Grunnprinsippa i regelverket vart utforma i ei tid då berre idealistar holdt på med dette. I dag er det ikkje idealistar som driv utviklinga, men etterspørsel i marknad. Då finn dei store aktørane smutthol i regelverket for å klare å auke produksjonen. Til dømes fisk og soya frå Brasil i hønsefôret (det er riktig at det ver dyrka økosoya i Tyskland og Argentina også - Kina er skummelt, for der er kontrollorningane litt usikre, så vidt eg har skjønt. Og der er jo DDT framleis tillatt).
Posted by: Henning A. Hellebust | 03.02.08 at 09.48
men uansett - ein får tru det er mindre soya og fisk i økofôr enn i konvensjonelt, og det er ikkje brukt kunstgjødsel og sprøytemiddel i dyrkinga av fôret. og så går hønene fritt, og dei får gå ut når dei vil så det er jo uansett litt betre. eller?
Posted by: Henning A. Hellebust | 03.02.08 at 09.53
Uansett svært mye bedre, og dette har jo med de svært så mye strengere kravene til hønsehusene.
Vi får vel anta også at regelverket for dyrking faktisk følges i de landene vi importerer fôrvarer fra.
Ellers er jo tørr fôrvare ikke blant de veldig klimadrivende faktorene i transporten- da det transporteres mange forenheter per tonn vare (og det transporteres mange tonn samlet på båt), og ikke mange liter vann på lastebil slik som når man transporterer grønnsaker, kjøttvarer, melk, poteter etc over landegrensene.
Posted by: KEE, Skien | 05.02.08 at 14.11