Kan produksjon av mat bli eit klimatiltak? Ja, i Spania får økologiske gardsbruk betalt for å produsere mat med lågare CO2-utslepp. I Sveits får bøndene tilskot for å drive miljøvenleg. I Norge får bøndene betalt per kilo mat eller per dekar vi driv. Ville ikkje matproduksjonen sett annleis ut dersom vi heller fekk betalt for å drive klimavanleg?
I Spania får økologiske gardsbruk i snitt 1000 Euro kvar for utførte miljøtenester. Den viktigaste årsaka er reduserte CO2-utslepp og karbonbinding. Spanske styresmakter verdsett utsleppsreduksjon i økologisk drift til 130 millionar Euro, i følgje Agropub.no. Totalt sparer økodrifta i Spania atmosfæren for 6,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
6,4 millionar tonn utgjer dobbelt så mykje som det Yara slapp ut i Glomfjord og Porsgrunn i 2005, eller tolv prosent av Norges totale utslepp. Det er altså ei vesentlege mengd, sjølv i spansk målestokk.
Sløsing vs sparing
I Norge finst det ingen offisielle tal på forskjellar i klimautslepp mellom økologisk og konvensjonelt landbruk. Dei største forskjellane mellom dei to driftsmetodane, gjer det ikkje usannsynleg at ein kan finne liknande forskjellar i Norge også.
For det første har vi relativt høgt forbruk av kunstgjødsel, som gjev lystgassutslepp ved produksjon og bruk. For det andre er store deler av kornområda våre utan organisk gjødsel, slik at karbonnivået sakte vert lågare. For det tredje nyttar konvensjonell drift svært mykje soya frå Brasil. Auka globalt soyaforbruk er ei av hovudårsakene til at regnskogen vert hoggen. Høgd regnskog er ei av dei største kjeldene til global oppvarming.
Det fjerde og viktigaste momentet, er at det går an å produsere mat ved å sløse med ressursane, og ved å spare på ressursane. Døme på sløsing er å fyre for kråkene - gjødsle fjordane, forureine drikkevatnet eller la nitrogenet sive opp i atmosfæra.
Klimagulrot, ikkje pisk
I høyringsrunda til den nye nasjonale Handlingsplanen for økologisk landbruk, har Oikos vest foreslått at ein innfører modellar som kan fungere som styringsreiskap i nasjonal klimapolitikk. I første rekke kan ein løne den mest klimavenlege produksjonen med klimatilskot a la Spania. Å gå motsett veg, ved å setje avgifter på til dømes kunstgjødsel, vil kanskje ha effekt på utsleppa, men er lite solidarisk mot konvensjonelle yrkesbrør. Det er ikkje konvensjonelle bønder sin ”feil” at dei brukar kunstgjødsel – det er det norske folk som har forma landbrukspolitikken gjennom mange tiår. Det er knappast etisk forsvarleg å straffe nokon som har gjort slik systemet har lagt opp til.
Klimavenleg produksjon må difor oppstå fordi det er lønsamt, ikkje fordi alternativet fører til konkurs. Då vil vi få ei meir langsam, men likevel ei positivt retta omstilling. Ei positiv omstilling fører til nyskaping og og kreativitet, og slik sett er det gulrota åleine som vil ha best klimaeffekt på lengre sikt.
Rekneskap mot sløsing
Det store spørsmålet er korleis ein skal skilje klimavenleg og klimauvenleg produksjon. Det går ei linje mellom økologisk og konvensjonell, men den er ikkje heilt eintydig. Det går fint an å sløse med ressursane om ein driv økologisk også.
Ei tilnærming til miljøtenester frå landbruket, kan difor vere å sjå på ressursbruken. Her er det store svingingar frå gard til gard, frå produksjon til produksjon, og mellom økologisk og konvensjonelt. Oikos vest foreslår å innføre eit ressursrekneskap i samband med bøndene sine rekneskapsprogram, husdyrkontrollen eller miljøplanen.
Korleis? All gjødsel, alt fôr og alle varer bøndene produserer, kan lett omreknast til nitrogen, fosfor og kalium. Dersom kvar bonde får ein automatisk oversikt over sin ressursbalanse, vil han vite om han har sløsa eller vore nøysam. Det kan virke både haldningsskapande og motiverande med eit slikt tal. For det er jo god økonomi i å spare på ressursane.
Eit energirekneskap ville også vere ein styringsreiskap for den enkelte bonde. Kor mykje energi brukar ein, og kor mykje klarar ein å produsere? Vert det balanse i dette, eller går det meir energi inn enn ut av drifta?
Klima bra i WTO
Totalt sett kunne kombinasjonen av energi-, ressurs- og/eller klimarekneskap vere med å vri norsk landbruk i ein enno meir miljøvenleg retning. Overføringar til miljøtenester framfor produksjon, vil også vere ei styrke i høve WTO-avtala. Spesielt gul boks – støtte til produksjon, men også blå boks, støtte til areal og dyr – har som kjent øvre grenser for tilskot, fordi det er handelsvridane. Grøn boks – støtte til for eksempel miljøtiltak, er å rekne som ikkje-handelsvridane støtte. Det er difor all grunn til å tru at det er her framtidas landbruksoverføringar vil ligge.
Innføring av reiskap for betre klimastyring, vil difor sikre framtidige overføringar til norsk matproduksjon, hjelpe bonden å spare ressursar og kostnader, og sikre eit mest mogeleg bærekraftig landbruk.
Henning A. Hellebust

Hør, hør.
Skal lufte denne ideen ved neste møte i bondelaget.
Posted by: KEE, Skien | 20.02.08 at 09.52
eg fryktar vel at denne ideen har låg kompatibilietet med ein god del programvare i ulike organisasjonar og hjernar. MEN, Bondelaget evnar godt å forstå dersom ein kan vri den inn på WTO og goksar i alskens fargar
Posted by: Henning | 21.02.08 at 08.25