Veterinærhøgskulen og Yara skyt med skarpe ord på økoideen.
Tenk deg den økologiske ideen som matens og landbrukets milde samansmelting av Mor Theresa, Amnesty International og Verdas naturfond. Sjå for deg Den Store Ø, som utstrålar rettferd, miljø og helse. Den Store Ø vil at jorda, dyra og menneska skal få det betre. Eg trur vi kan kalla måla for edle. Ø er ei usjølvisk oppskrift på å redde verda.
Så kan du smake på nokre veldig tørre ord: ”Handlingsplanen for økologisk produksjon og forbruk”. Sterk kontrast til ein gyllen Ø, som svevar med sin godheit mellom rosa skyer. Men, her til lands er det då denne handlingsplanen, herifrå kalla Hø, som skal hjelpe Den Store Ø å realisere seg sjølv.
60 syn
Alle nasjonale handlingsplanar vert sendt ut til dei ein trur har syn eller segn å tilføre saka. Så også med Hø. 60 organisasjonar, verksemder og institusjonar har skrive tilbake til Statens landbruksforvaltning (SLF). Forslaga i Hø er rosa og risa. Nye forslag har kome til. Etter litt meir finspikking, kan Hø føre til meir av Den Store Ø.
Av alle desse 60 svara, er det to som skil seg ut. Dei skil seg ut ved at dei ikkje vil godkjenne premissa for Den Store Ø. Desse to svara utstrålar mistillit til at Ø har noko som helst slags positive konsekvensar for rettferd, miljø eller helse.
Yara, her kalla Ya, er den eine. Norges Veterinærhøgskole, herifrå nemnt som Ve, er den andre. Ya brukar 24 sider på å freiste å dokumentere at Den Store Ø slett ikkje kan snakke sant. Opp av oska etter Den Slagne Ø, står Ya. Ya som garantist for miljøvenleg produksjon av mat.
Sju landeplager
Ve brukar sin tre sider lange uttale utelukkande på å fortelje om dei sju landeplagene dei meiner at økologisk landbruk kan føre til. Vi nemner alle sju: Campylobactar, fugleinfluensa, parasittar, E.Coli, listeria, og redusert helse og fruktbarheit hjå mjølkeku.
Ve hevdar – rett nok implisitt – at det er ein samanheng mellom økologisk drift og parasitten Cryptosporidium, som er funnen i Oslos drikkevatn. Som om berre økologiske dyr avleverer gjødsel, eller at berre økologiske dyr beitar ute. At det er ein samanheng mellom økologisk landbruk og dødsfalla etter listeria i 2007, der ost laga av pasteurisert mjølk var kjelda. Fakta er at det som svikta var kontroll og rutiner. Om kyrne var økolgiske er irrelevant. At det er ein samanheng mellom innhald av E.Coli i rå mjølk og økologisk drift. Som om økodyr er skitnare, eller økobønder grisar meir, enn konvensjonelle.
Glimt av fugleskit
Det kjem også fram at det kan vere ein samanheng mellom økologisk landbruk og fugleinfluensa. Ve peikar på fjørfes utegange som risiko. Saka er at nye smittetilfeller av fugleinfluensa i Europa har oppstått gjennom handel med livdyr mellom store, industrielle fjørfeprodusentar. Dei aller fleste av dei smitta dyra har aldri noko sinne sett sola, langt mindre sett ein trekkfugl.
Ve avsluttar sin uttale med å krevje meir forsking på alle desse områda. Det kan alle vere einig i. Det er premissane for forskingskrava som gjev smaken av misstillit.
Ya er klar på at samspelet mellom jord, planter, dyr og mikroorganismar heilt klart vert understøtta best ved bruk av mineralgjødsel. Og at mineralgjødsel gjev den mest miljøvenlege produksjonen, samt gjev sunnast mat. Den forskinga som best understøttar desse poenga, er lagt ved. Forskinga ber preg av å ta for seg små, isolerte problemstillingar. I sin ivrige leit etter detaljar som kan bevise kor framifrå Ya er, overser den at økologisk drift er eit heilskapeleg system i emning. Med litt vrang vilje kan ein sei at denne forskinga i sin natur er innhaldslaus.
I si tid var YaVe og eit knippe likemeinande institusjonar eineveldige i si definisjonsmakt. Ei makt som styrde byråkratar, politikarar og bønder. Ei makt som forma landbruk og produksjon av vårt daglege brød. Ei makt som har vore med å redusere jord til død kjemi og dyr til levande produksjonsapparat.
Signalord
Den Store Ø rikkar ved denne makta. Den peikar på YaVes lyter. Tilbyr andre løysingar, andre verdisyn. Fleire bønder, og konsumentar med, er i ferd med å miste trua på YaVe. Tek nye val. Det ser YaVe. Og gjer det som er mogeleg for å undergrave arbeidet til Hø.
Det er godt nytt for oss som er tilhengarar av Den Store Ø. Når YaVe lyt bruke så skarpe ord, er det signal på at gamle idear kan stå for fall. Og at nye idear har byrja å få definisjonsmakt.
Artikkelen står på trykk i Ren Mat nummer to 2008.
Av Henning A. Hellebust

Comments