Avlingsnivået i økologisk landbruk er gjenstand for moralsk indignasjon:
- Kan vi bevisst gå inn for mindre avlinger, mens millioner av mennesker sulter, spør professor Lars Bergström ved det svenske landbruksuniversitetet i Uppsala. I intervjuet med Tidningarnas Telegrambyrå, publisert av NTB i Norge, held han fram at dette er eit spørsmål om moral.
Mindre - eller større avlingar
Eitt år før intervjuet med Bergström seglar som ei åkersprøyte over norske og svenske nettsider, omtalar Reuters følgjande forskingsresultat: Økologisk landbruk kan gje opp til tre gonger så høge avlingar som noverande landbruk i utviklingsland. Påstanda kjem frå eit forskarteam frå University of Michigan's school of Natural Resources and Environment. Resultata er publisert i Journal of Renewable Agriculture and Food Systems, og er ei studie av 293 tidligare publiserte forskingsartiklar
Premisset for professorens moralske kvaler – avlingsnedgong – må difor seiast å vere omdiskutert. Det kjem vi tilbake til. Først skal vi prøve å følgje hans moralske resonnementet.
Moral kan definerast som eit sett av normer, verdiar og haldningar som blir hevda og praktisert av eit individ eller ei gruppe. Om noko er umoralsk, er det i strid med desse normene. Eg deler professorens verdigrunnlag: handlingar som bidreg til svolt, er umoralsk. Når økologiske avlingar er lågare, meiner professor Bergström at fleire svelt. Ein tilsynelatande logisk slutning av dette er at : økologisk landbruk er umoralsk.
Moralsk konkurranse
Med den logikken konkurrerer økologisk landbruk med ei rekkje saker som kan redusere tilførsla av mat til fattige. Her kjem i så måte mitt forslag til ein umoralsk kanon for 2000-talet.
- Øydelegging av matjord. Årleg forsvinn matjord tilsvarande over 3000 fotballbaner til parkeringsplassar, vegar og bustader berre i Norge. Erosjon grunna intensivt jordbruk, kombinert med tørke, nedbør eller vind øydelegg matjord globalt 10-40 gonger raskare enn den vert bygd opp att, ifølgje forskar David Pimentel ved Cornell University i USA.
- Mat i søpla Kvar hushaldning kastar nesten ein kilo mat per dag i Norge, totalt 500.000 tonn. The Guardian skriv at i Storbritannia kastar dei over 30 prosent av maten som blir kjøpt eller produsert. Med litt fornkla hovudrekning, er det ikkje usannsynleg at den kasta maten i heile den rike verda langt på veg kan nære dei 800 millionar menneska som svelt.
- Agrofuel. Svenske bilar har fem prosent mat på tanken. EUs og USAs samla mål for 2020 utgjer meir enn den totale landbrukskapasiteten i nord, i følgje Eric Holt-Giménez, direktør i organisasjonen Food First/Institute for Food and Development Policy.
- Kjøt. Vi kan fø ti gonger så mange på same areal, dersom vi kuttar ut dette.
- Bomullskle. Fem prosent av matjorda blir brukt til bomull, slik at vi får kjøpe fleire bomullsklede å kaste, ifølgje FAO.
- Alkohol. To prosent, eller 3,6 millionar hektar av jordbruksarealet EU, vert ifølgje EU blir brukt til vinproduksjon. Verdas totale alkoholproduserande areal, kan sikkert fø ein vesentleg del av verdas svoltne.
- Tobakk. Fire millionar hektar, det firedoble av Norges jordbruksareal, går i følgje ein rapport frå Framtiden i våre hender opp i røyk. I staden kunne jorda metta fleire titals millionar sveltande.
- Kloakkutslepp. Uerstattelege næringsstoff som fosfor frå verdas bybefolkning vert ikkje resirkulert og brukt til matproduksjon, men forureinar i staden hav og vassdrag.
- Forureining. Utslepp frå industri til luft, jord og vatn øydelegg uante mengder god matjord.
- CO2-utslepp. Transport, industrielt landbruk og industri varmar opp kloden slik at det vert enno vanskelegare å produsere mat i allereie marginale strøk.
- Frotsing. Sjølv om verdas ressursar er rikeleg fordelt over heile planeten, er det i Nord rikdomen hamnar. Her fråtsar vi i mat og materielle goder, delvis ved å tyne dei fattige landa for deira ressursar. Med betre global fordeling, ville svolt og fattigdom tilhøyrt historia.
Umoralens kanon syner at det er heilt andre faktorar enn det kunstgjødsellause landbruket som gjer folk svoltne. Likevel vel Bergström å rette sin moralske peikefinger mot økologisk produksjon. Kvifor gjer han det?
Dummar seg ut
Premisset til Bergström er mellom anna at økologiske kveiteavlingar i Europa er lågare en konvensjonelle. Spørsmålet han ikkje har svart på, er relevans. Har nivået på europeiske kornavlingar relevans for dei som er fattige og svelt i til dømes Afrika? Om så er tilfelle, har Bergstrøm rett. Om han tek feil, har han… dumma seg ut.
Som forskarane i Michigan synte, kan økologiske metodar hjelpe dei fattige med avlingsvekst. I vår kom ein knusande konsensusrapport frå ”International Assessment of Agricultural
Knowledge, Science and Technology for Development (IAASTD)” Her har 400 forskarar, representantar for 54 regjeringar og ei rekkje frivillege organisasjonar, konkludert med at småskala landbruk og agro-økologiske metodar kan forhindre dagens matvarekrise, og gje lokale løysingar. Økologisk landbruk kan fø verda.
Av Henning A. Hellebust
gardbrukar

Du får sagt det.
Spørsmålet er vel om vi i det heile har eit val. Når vi koplar det du skriv her med innlegget ditt om det fossile landbruket, er det ikkje vanskeleg å tenkje seg at nivået på europeiske, konvensjonelle kveiteavlingar i lengda vert temmeleg irrelevant. Kva skal vi erstatte oljen med ?
Eg skjønar i det heile ikkje korleis det er mogleg å tale om det effektive og framtidsretta landbruket utan å ta omsyn til det som vert dokumentert i IAASTD-rapporten. "IAASTD" får berre 103 "norske" treff på Google. Altså ei ikkje-sak. Når ein tek omsyn til merksemda Den Store Klimarapporten fekk, er dette eit mysterium for meg.
Posted by: p.g.sætre | 31.05.08 at 07.51
Det er svært få som driv journalistikk på dette temaet - det er svaret på ditt mysterium. Økologisk mat er i skotet som aldri før, men journalistikken er meir trendbasert enn den er knytt opp mot meir mateksistensielle spørsmål. Ren Mat er sjølvsagt eit unnatak, men bladet har halvanna stilling pluss litt frilansarar. Morgenbladet har prøvd (sjå mitt innlegg "jakta på det moralske jordbruk"), men prøver ikkje å finne svar ved å søke vitskapelege kjelder, berre personar som snakkar mot kvarandre. Alt for mykje journalistikk vert øydelagt av slik polarisering.
Posted by: Henning A. Hellebust | 01.06.08 at 18.30
Takker så meget for nok et godt og viktig innlegg! Jeg vil egentlig bare understøtte forfatteren med følgende grundige rapport utarbeidet av Svenska Naturskyddsföreningen vedrørende økologiske prinsipper i jordbruk i forholdsvis tørre Etiopia:
http://www.naturskyddsforeningen.se/upload/Foreningsdokument/Rapporter/rapport_internationellt_jordbruk_etiopien.pdf
Dette er bare et av flere prosjekter med utrolig gode resultater som bør få professor Bergström til å svelge noen etiopiske kameler i sommerens hete.
Posted by: Kjell Brevik | 08.06.08 at 16.34