Dine skattepengar betalar meg for å skjære greinene av gamle styvingstre. Dette er ein type lauvtre som våre forferdrar nytta lauvet av til dyrefôr. Dei er difor gamle, deformerte tre, og tydelege innslag i kulturlandskapet. Desse 200 kronene får eg, fordi det skal sjå ut som vi framleis driv og fjernar lauv av trea til fôr i Norge. Det er ingen krav til å bruke lauvet, ein skal berre sage av greinene. Dersom ein vil lage nye styvingstre, og bruke lauvet som ressursvenleg dyremat, får ein ingenting.
Dette forvaltningsregimet, i kraft av fylkesmannens landbrukskontor, er dømt til å feile.
Continue reading "Sagar av greina ein ikkje sit på" »
Helsedirektoratet anbefalar born opp til fem år å innta under 30 gram sukker per dag. Samtidig driv - vår alles semimonopolist - Tine - aggressiv marknadsføring av sukkerhaldige "sunne" kalsiumrike produkt til barn. Ein halvliterskartong Litago jordbærmjølk, inneheld 20 gram tilsett sukker, pluss mjølkesukker. Legg du til ein Litago Yoghurt, er ein ganske i nærleiken av dagsdosen på 30 gram. Men tek kroppen opp kalsium, når det er para med sukker?
Continue reading "Tine pushar sukker på born" »
400 vitenskapsfolk, 54 regjeringar og ei rekke bransjeorganisasjonar står bak konsensus-rapporten «International Assessment of Agricultural Science and Technology for Development» (IAASTD). Norge, i motsetning til Sverige og Finland, har ikkje vore med i dette arbeidet, som er med å legge grunnlaget for verdas framtidige landbruksutvikling.
Kvifor? Det er spørsmålet eg som Oikos vest leiar ønskjer å få svar på i eit brev til Terje Riis-Johansen og Erik Solheim.
Continue reading "Svarar Terje og Erik?" »
Recent Comments