Dine skattepengar betalar meg for å skjære greinene av gamle styvingstre. Dette er ein type lauvtre som våre forferdrar nytta lauvet av til dyrefôr. Dei er difor gamle, deformerte tre, og tydelege innslag i kulturlandskapet. Desse 200 kronene får eg, fordi det skal sjå ut som vi framleis driv og fjernar lauv av trea til fôr i Norge. Det er ingen krav til å bruke lauvet, ein skal berre sage av greinene. Dersom ein vil lage nye styvingstre, og bruke lauvet som ressursvenleg dyremat, får ein ingenting.
Dette forvaltningsregimet, i kraft av fylkesmannens landbrukskontor, er dømt til å feile.
- Bondens langsiktige motivasjon til å bære med seg motorsag og stige opp i ei bratt ur for å kappe greinene av eit tre, med 200 kroner i belønning, kan eg aldri tenke meg vil bestå.
- Skjøtselen vil vere heilt tilfeldig, og tilgjenelege eller interessante landskap like mykje eller lite forvalta som andre.
- Tre dør til slutt, og då er kulturen vekke for all tid, så lenge ein ikkje stimulerer tilsvarande for å ta i bruk nye tre.
- Kulturlandskapet vert eit museum, som bonden i praksis ikkje har anna forhold til enn ein hekk ein klipper, og turisten aldri får vite poenget med. Det er ei kulisse. Tradisjonen og kulturen bak, forsvinn.
- Kulturlandskapet vil stagnere i si utvikling.
- Byråkratiske punktstøtteordningar vil aldri kunne gje reell skjøtsel av alle dei hundretusenvis av gamle styvingstre og titusenvis av kvardratkilometer med kulturlandskap vi har.
For at styving og liknande kulturlandskapstiltak skal virke, må ein tore å bruke k-ordet. Komersialisering. Kva om ein faktisk fekk tilskot til å lage nye tre, dersom ein brukar lauvet som fôr eller strø. Tenke i same baner som produksjonstilskot. Samtidig kunne ein stimulere økonomisk til å utvikle enkle og billege maskiner til å effektivisere jobben, slik at det på sikt vart praktisk og lønsamt å drive med styving. Komersielt interessant.
Dersom styving og andre kulturlandskapstiltak kan utviklast til å bli ein økonomisk ressurs ved å gå inn i gardsdrifta, noko ein kan tene pengar på utan å gå via reiselivet, ville kulturlandskapet bli langt meir vitalt og dynamisk. Det ville ikkje bli eit museum, forpakta av umotiverte bønder eller deira polske arbeidarar. Tvert imot kunne det tradisjonelle kulturlandskapet gjenoppstå som eit resultat av næringsutvikling.
For næringsutvikling og inntektsmogelegheiter må vere motoren også i kulturlandskapspleia. Ikkje vilkårlege byråkratiske ordningar.

Nå tar jeg da og gir kyra askekvist på sensommern sånn helt uavhengig av om det gis tilskudd. Jeg viste ikke at det var tilskudd en gang- det er bare at det er bra for, og fra bra for får jeg mange melkeliter med økologisk prima vare. Som jeg får godt betalt for.
For skams skyld må jeg nevne at det er kun litt som er styvingstre- det meste er fra trær som skal bli til husvarme, og som i prosessen dit varmer svært så mange ganger...
Posted by: KEE, Skien | 24.06.08 at 21.59
det du gjer er jo det beste - dersom ein hadde fått litt tilskot for å gjere det, ville fleire blitt oppmerksomme på at det er bra, og fleire ville sett at det var lønsamt å hauste fôr på den måten. det handlar om bevisstgjering og våre ressursar. tilskotet er ikkje landsdekkande, men regionalt.
Posted by: Henning A. Hellebust | 25.06.08 at 13.05
Lenge siden jeg besøkte ordomjord nå. Det er skammelig. Likevel var jeg såpass heldig at jeg havnet rett inn i et tema jeg synes er utrolig interessant, - styving. Jeg har aldri handtert et lauvjarn, men drømmen er å få litt praktisk erfaring med dette etterhvert. I de traktene jeg kommer ifra har de aller fleste lauva trærne forsvunnet forlengst. Man skal legge seg i selen for å finne slike vakre kulturklenodier. Innlegget ditt er svært aktuelt og fremviser nok et eksempel på uholdbare tilstander i det tradisjonsrettede jordbruket. Ja, kulisser er rette ordet!
Takk til dere som gjør jordbruket "autentisk" og brenner for å gjøre det meningsfylt. Dette innebærer en viss andel såkalt idealisme. Hvis man skulle utrette alt kun for å tilfredsstille byråkrater og turisme hadde kulturen som sådan vært en ytterligere saga blott enn det den allerede er.
Posted by: Kjell | 23.11.08 at 12.42
Dette prosjektet og den tilhørende filmen er et verdifullt bidrag (ihvertfall på holdningssiden) for bevarelsen av de levende kulturlandskapene i Norge og Europa forøvrig:
http://ecl.cultland.org/?document_id=203
Filmen:
http://ecl.cultland.org/?document_id=203
Posted by: Kjell | 24.11.08 at 17.02
Eg kjenner ein som ville tene seg rik på ordninga, då han hadde så mange styvingstre. Trur ikkje han fekk for alle. Elles har vi brukt litt lauv til sauene om vinteren, noko dei "elskar". Men det er far min som har lauva litt, sjølv har eg ikkje hatt økonomi til å vere med på slikt.
Posted by: Johannes Eggen Mundal | 21.03.09 at 22.12
God tittel på innlegget forresten!
Posted by: Johannes Eggen Mundal | 21.03.09 at 22.16