400 vitenskapsfolk, 54 regjeringar og ei rekke bransjeorganisasjonar står bak konsensus-rapporten «International Assessment of Agricultural Science and Technology for Development» (IAASTD). Norge, i motsetning til Sverige og Finland, har ikkje vore med i dette arbeidet, som er med å legge grunnlaget for verdas framtidige landbruksutvikling.
Kvifor? Det er spørsmålet eg som Oikos vest leiar ønskjer å få svar på i eit brev til Terje Riis-Johansen og Erik Solheim.
Spørsmål sendt til LMD/UD:
1. Kvifor har ikkje Norge delteke i dette arbeidet?
2. Kva er LMD/DU/Regjeringas haldning til rapportens hovudkonklusjonar, om at:
a. Små-skala landbruk og agro-økologiske metodar kan forhindre dagens matvarekrise og løyse problema på lokalt nivå.
b. Økologisk landbruk vert skildra som eit viktig bidrag for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket, beskytte jordsmonnet og bevare biologisk mangfald.
De kan vere sikre på at eg kjem til å publisere svara her. Dersom vi ikkje får svar, kan de vere sikre på at det også skal publiserast.
Henning A. Hellebust
PS. Kva trur du dei kjem til å svare? Kom med forslag i kommentarfeltet nedanfor!

Først ei lita åtvaring: Det eg kjem til å skrive nedanfor kjem til å vere både sleivete og til dels usakleg. Det er likevel eit uttrykk for tenkte tankar.
Eg har inntrykk av at norske landbruksstyresmakter si flørting med "økologien" manglar forankring i det økologiske verdigrunnlaget. Det verkar meir som eit verkemiddel for å "for skams skuld og av omsyn ti opinionen halde liv i nokre bønder". Eg tek Erik Solheim si haldning til auka bruk av kunstgjødsel i fattige land for å bøte på matvarekrisa og den pågåande debatten om import av GMO-mais som teikn på at det ikkje stikk så djupt. Så du må nok vente ei stund på eit skikkeleg svar, er eg redd.
Posted by: p.g.sætre | 20.06.08 at 11.19
Eg forstår kva du meinar, og eg er heilt einig med deg, bortsett får konklusjonen. Departementet er pliktig til å gje svar, dessutan er Oikos ei partsgruppe i ymse fora med LMD, så dei er forplikta til å ta spørsmålet seriøst. Dei veit at vi ventar i spenning på svaret. No vil det uansett bli Lars Peder Brekk som får lov å bryne seg, så det kan jo medføre at eit svar likevel let vente på seg. Men eg må sei at eg er overraksa over Erik Solheim sitt syn på dette. Mi hypotese er at han har snakka med "feil" folk, nemleg nokre svært flinke lobbyistar. Hadde han lest IAASTD, ville han reint logisk sett vore tvungen til å komme med ei meir nyansert haldning. Har du lest deira arbeid, er det vanskeleg å avvise.
Posted by: Henning A. Hellebust | 20.06.08 at 19.38
Eg vonar det ikkje går lenge før du får svar. Dette vert svært interessant.
Frå ståstaden til ein halvøkolog som meg, vil det økologiske landbruket si evne til å frikople kostnadene med matproduksjon frå prisane på ytre innsatsfaktorar som olje, gjødsel og sprøytemiddel(basert på ikkje fornybare kjelder) vere avgjerande. Eg er sjølvsagt også samd med deg i konklusjonane du dreg ut frå IAASTD-rapporten. Men eg meiner framleis at fokuset på gastronomi og marginale folkehelsevinstar vert litt tøvete om ein løftar blikket ørlite.
Posted by: p.g.sætre | 23.06.08 at 09.21
hm, eg er einig med deg i det med gastronomi. ein må gjerne sei at økomat smakar betre, men vi lir ikkje akkurat reint smaksmessig når vi et konvensjonelt produsert mat. dei som brukar tida si i td tv-ruta og argumenterer for økomat, fordi "det smaker bedre", har ei særdeles tynn sak i den fossile tidsalders siste fase. når det gjeld folkehelse, trur eg eg forstår kva du meinar, men eg er ikkje einig i at det er navlebeskuande å vere opptatt av folkehelse med utgangspunkt i produksjon av mat (frå jord til butikk). min halvkvalifiserte spådom, produksjonsform har større effektar på folkehelsa på fleire enn vi har likt å tru. :)
Posted by: Henning A. Hellebust | 23.06.08 at 14.20
Neidå, eg meiner ikkje at produksjonform er irrelevant. Men eg tykkjer at den kjemiske samansetnaden til ei gulrot bør få vere avgjerande for om ho isolert sett er helseskadeleg eller ikkje. I ei tid der alt skal vere så evidensbasert, bør ein nok konsentrere seg om å leite andre stader etter handfaste argument. Etter å ha leita litt rundt på stader som Cornell-universitetet sime nettsider kan eg ikkje skjøne anna enn at det skulle vere nok å ta av. Sjølv om omgrepet "berekraftig" etter kvart er tømt for innhald, er det vel det det er tale om. Berekraft. Eit landbruk som ikkje reduserer jorda si evne til å produsere næringsrik og sunn mat, ikkje berre i 5,10 eller 20 år, men så lenge det er menneske her på jorda.
Posted by: p.g.sætre | 23.06.08 at 15.02
ja, det store, kva skal vi sei, etiske eller moralske spørsmålet, der du nyttar ordet bærekraft, handlar om jordas reproduksjons- eller yteevne. for oss som jobbar med dette, så er vi også konsumentretta. og konsumentane bryr seg i liten grad om etikk, men mest om si eiga helse. for å påvirke forbrukaren til å velge bærekraftig, må vi difor argumentere med helse. difor er dette ofte tema, sjølv om det i høve dei store spørsmåla ute i verda, kanskje er mindre viktig.
Posted by: Henning A. Hellebust | 23.06.08 at 18.42