Helsedirektoratet anbefalar born opp til fem år å innta under 30 gram sukker per dag. Samtidig driv - vår alles semimonopolist - Tine - aggressiv marknadsføring av sukkerhaldige "sunne" kalsiumrike produkt til barn. Ein halvliterskartong Litago jordbærmjølk, inneheld 20 gram tilsett sukker, pluss mjølkesukker. Legg du til ein Litago Yoghurt, er ein ganske i nærleiken av dagsdosen på 30 gram. Men tek kroppen opp kalsium, når det er para med sukker?
Det var ein forelder i barnehagen, som skal ha sagt på eit møte at vi bør innføre meir kos i barnehagen, og få tilbake til dømes syltetøyet til frukost. Kva er problemet med litt sukker, liksom. Problemet er at sukker har kortiktige og langsiktige biverknader for barn og vaksne (og barnehagen er den enklaste staden å eteblere ein sukkerfri sone). Humørsvingningar, sukkersyke og fedme - med alle konsekvensar det gjev, er vel dei mest kjente. Difor har Helsedirektoratet gått til det drastiske steget, at dei anbefalar foreldre å gje born opp til fem år, maks 30 gram sukker for dagen. Legg merke til at det er maksimum, ikkje minimum.
Tine marknadsfører meieriprodukt spesialdesigna for born som Litago, så det skal bli lettare for vaksne å få i borna våre "sunne" produkt - der spesielt kalsium vert framheva. Kalsium i mjølk, er noko borna våre treng, heiter det. Problemet er at dagleg bruk av dette, åleine er nok til å nærme seg grensa for kva born har godt av. Då er mitt spørsmål: kvifor tilsette sukker i Litagoprodukta, når mjølk i utgangspunktet er søt og godt likt av born?
Svaret er sjølvsagt at sukker hevar blodsukkeret til borna kjapt. Så dalar det like kjapt att, og borna vert svoltne rimeleg fort. "Meeeeeeir Litagoooo!" Voila! Tine får selt meir Litago. Og så er jo søtsmak den smaken vi likar aller best. Litago vert som snop - noko sukkervande born har eit ustoppeleg ønske om. Voila! Tine får selt meir Litago. No kan kanskje Tine argumentere med at sukkeret borna får i seg, ikkje er viktig samanlikna med det dei samtidig får i seg av kalsuim, vitaminar og andre næringsmiddel.
Gjer dei det? Ifølgje ei rekke alternative nettsider, står det å lese at sukker forstyrrar opptaket av mellom anna kalsium og magnesium. Eg har ikkje klart å finne forsking på dette, men dersom det er sant, så kan ein jo drikke så mykje Litago ein orkar, utan å få i seg særleg kalsium. Når det er sagt, så skriv Tine at kalsiumet hindrar utvikling av beinskjørheit. Samtidig fremjar sukker beinskjørheit. Så å tilføre sukker i meieriprodukt, nullar ut eventuelle positive sider. Så sit ein berre att med dei negative effektane frå sukkeret.
Det skulle ikkje forundre meg om alt sukkeret i Tines Litagosortiment er den største enkeltsåande kjelda til barns sukkerinntak gjennom daglegvarer i Norge. Kan nokon snart gjere litt journalistikk på dette, slik at Tine blir tvinga til å fjerne sukker frå dei borneretta produkta sine? Anyone? Forbrukerinspektørene (FBI) - TV2 hjelper deg - Forbrukerrådet - dette er eit oppdrag til dykk.
Vel. Kvifor gå til "åtak" på Litago? Det finst vel nok av sukkerkjelder der ute, som er verre? Ja, det er riktig, men Litago er sukker kamuflert som helse og sunnheit. Litago, får vi vite, er noko borna treng for å bli store og sterke. Men eigentleg er det snop ein helst burde begrense til lørdagsbarne-tv. Folket har tillit til Tine, og difor vert folket lurt.
Henning A. Hellebust

Comments