Det hadde vore ei uroleg natt. Enno ei av desse endelause, sveitte forsøka på å få sove. Eg sit einsam ved frukostbordet. Groggy. Det er tysdag i februar. Snøen landar stilt på den skeive europalerka utanfor. Plutseleg skjer det. Heilt uventa etter alle desse åra. Den kaotiske blandinga av tankar, landar i rett rekkefølgje. Eg får det siste talet i kombinasjonen, det som opna vellet. Lysbrytaren. Kodenøkkelen.
Guggenheimkruset med te er eit timeglas, sukkeret er sanden som renn og renn. Eg stirer. Dei kvite korna, straumen av sukker frå nicaraguanske sukkerroer fortel alt. Kva eg har blitt, og kva eg skal gjere. Sukkeret blandar seg med den kinesiske teen. Mjølka eg heller i, har fosfor frå marokkanske gruver, via kunstgjødsel frå Hydro. Denne trøytte koppen med te. Tankerekkja vandrar vidare til kjøleskapet. Smakstilsetninga i Colaen er frå kjemiske fabrikkar i New Jersey. Dei steinfrie druene er flyborne frå Chile. Kaffien frå plantasjar i Colombia. Kveiten i brødet er frå sletter i Polen. Det høgproduktive dyret som har blitt pølse, er fora på soya frå Mosambik, korn frå Ukraina. Brokkolien er visst frå Guatemala. Boksane med bønner er frå Thailand. Sjokoladen i skapet er produsert i Belgia, på lisens frå Kraft, for Freia, av kakaobønner frå ein regnskog på Elfenbeinskysten. Maten min, byggestoffa til kroppen, energien min, livet mitt, er henta frå heile verda.
Skjønt mat. Den plastpakka laksen i frysaren min er vaksinert, fylt med antibiotika. Den har spist betakaroten etter fargekart. Den er ala fram i laboratorium, med framskunda klekking. Kyllingfileten er klekt under varmelamper. Det gule nøstet er sprengmata saman med 5000 andre, veks i eit slikt tempo at fjørne ikkje klarar å dekke den bulande kroppen. Det kunstige lyset i hallen, gir fuglen berre eit par timar natt, slik at den skal ete, ete, ete. Den vert dukka, avretta, hengande opp ned i eit straumførande bad. Produksjonslina endar i gul hardplast, øvst i kjøleskapet. Den folierte agurken har strekt seg ut av steinull, under glastak som held ute minusgradene. Den har vakse utan liv, i sterile omgjevnader, berre tilsett kunstig lys og designergjødning. Firkornbrødet er bakt av monokulturar på storleik med Østfold, med eit biologisk mangfald som i ein daiquiri. Anleggsmaskiner tankar opp den næringstomme jorda med høgoktan. Nitrogen, kalium, magnesium, kalk, og andre lettløyselege næringssalt samla frå heile verda, raffinert i energikrevjande fabrikkar. Mold, planter, dyreliv er temma eller utrydda av kjemiske kill-all-cocktailar, syntetiske sprøytemiddel og medisinar. Skapt i laboratorium, testa på rotter, brukt på menneskeføde, fordøya i min kropp.
Som ei lyseraud masse frå drivhuset - kalla tomat - vert eg også ein blass kopi av eit levande menneske. «Tomaten» rotnar aldri, «tomaten» er utan piff, karakter. Den er rett og slett ingen tomat, bortsett frå forma. Når eg et denne «planta», blir eg som den. Eg vert ikkje menneske, berre ei etterlikning. Som «tomaten» degenererer eg. Ceci n’est pas un homme.
Mat er ikkje eit resultat av det mikroskopiske livet i jorda, mold og sollys, sesongar og varmt vêr. Mat kjem til gjennom at biologisk arvestoff vert tilført kjemiske og artifisielle samanbindingar. Ala fram i sterile laboratorium, ved hjelp av døde ekstraktar. Føda er blitt uavhengig av naturen sjølv, separert. Feittfri. Sukkerfri. Kolesterolfri. Naturfri. Og den kjem frå heile verda og hamnar på mitt frukostbord.
Når maten er ei teknologisk samansmelting av byggestoff og energi, og eg sluttproduktet, er eg heller ikkje natur. Eg er eit bioteknologisk fabrikat av ein industri, del av ein teknologisk styrt syklus. Når det naturlege krinslaupet er historie, er mennesket historie. Eg vert ei sjølvbyggande maskin, som tilset mitt eige drivstoff.
Når eg ikkje treng naturen, har gjort meg uavhengig av liv, er eg fri for ansvar. Vala eg tek, får ikkje konsekvensar. Eg treng ikkje stå til rette. Slik vert eg frigjort frå samvitet, og dermed sjela. Den menneskelege røyndom fordampar. Slik har eg att eitt formål, sjølvopphald. Konsum vert mi sterkaste drift, det egoistiske sentrum. Konsuminstinktet styrer åtferda. Forbruk er det einaste som sikrar evna til meir forbruk. Eg blir automatisert, fullendt som machina. Menneskeverdet er historie.
Trongen til varer er større enn armane på min overvektige kropp klarar å bere. Avstandane til marknaden lenger enn eg klarar å gå. Eg treng køyretøy til å frakte lykka heim til mitt bulande palass i suburbia. For å auke forbruket skaper eg bilen. I hugen etter komfort, krav til fornying og konsum, vert køyretya utvikla på eit så høgt teknologisk nivå, at dei vert meir enn reiskap. Dei lærer seg å tenkje, reagere på millisekund, porsjonere ut passeleg med krefter. Dei har former som skjær gjennom lufta utan vindmotstand, klistrar seg stødig gjennom kurver. Interiøret kunne ha romma egg frå måltrost under eit jordskjelv. Dei er tryggaste staden å være, vernar oss med eit hardt skal, luftputer, beltestramarar, sidebjelkar. Og vi treng dei, ikkje omvendt. Vi treng dei for å komme oss dit alle vegar går, til kjøpstaden. Driftene våre tvingar oss til å starte Bilen. Den let oss få det vi traktar etter. Slik står Bilen over oss i det nye, naturlause samfunnet. Ute av naturen, er vi på veg nedover i maskinhierarkiet.
Bilen må ha drivstoff, treng bensin, for å ta meg til lysthuset. Det er det største kravet, og det vanskelegaste å oppfylle. For denne vara er det lite av. Den let seg ikkje fornye. Difor må eg ta den med makt. I namnet åt Bilen er eg villig til å sprenge andre menneske for å få min rett, min rus, konsumere. Eg vert stormführer, knuser motsand med mellomdistanserakettar - smartare enn meg sjølv. Opnar lukene under flygande fort. Skyt dei som har oljen under sine føter, slaktar dei. Bilen bestemmer. Bilen er øvst i næringskjeda.
Attråa for varer er uendeleg, grenselaus. Det som ikkje kan konsumerast, er verdilaust. Slik er også eg, og alle som meg, verdilause. Vi har ingenting å gje, ingenting til overs. Vi kan ikkje elske, eller bli elska av andre. Det er berre eg og tinga mine. Mine kostelige, dyrebare skattar.
Kvar veke hentar containerar med motor smekkfulle 140-liters plastdunkar utanfor heimen. Øydelagde, oppbrukte, forderva restar av varer frå heile verda, som har funne vegen til sentrum av jorda. Meg. Alte dette overskotet vert til nye landskap – metandampande fjell av bromerte flammehemmarar, pvc, vekst- og forplantingshemmande hormon, dioxinar, bly, kvikksølv, kadmium, polivinyl klorid og hexavelent krom. Alternativt sviv produksjonsrestar med lange formlar rundt under himmelen, skaper vår nye atmosfære. Parallelt vert det skapt eit minikrinslaup, der deler avfallet vert brent, omgjort til kilowatt og ny produksjon. Ut av omnen vert meir freon og CO2 og NOx og svovel og svevestøv frigitt til lufta vi pustar.
Snart står eg att heilt åleine i eit aude, illeluktande landskap. Det er ikkje meir å kjøpe. Tinga mine er brukt opp. Alle ressursar er tømt. Saman med resten av menneskeslekta, har eg skapt om jorda til nye, ubrukelege fjellkjedar i daudt hav. «Kva skjedde?» Eg prøver å tygge handleddet mitt, i eit siste forsøk på å konsumere. «Kvar slutta eg å ta ansvar? Kva var det eg mista? Kvifor vart eg så sjølvdestruktiv?» Det er første gong eg tenkjer, stiller spørsmål ved handlingane mine. Eg fell på rygg. Ser opp i den grå kvelven. Atmosfæren er grautete, det er vanskeleg å puste. Eg føler inga glede, inga sorg. Eg har vore død lenge.
Sukkerkoppen er tom. Det har slutta å snø. Eg kjenner lykka smyge seg opp langs ryggen. Vinden ruskar litt i lerka på utsida. Enno er det tid. Eg kan framleis vende tilbake til menneskeætta. Berre forklaringa manglar, svaret på «kvifor?». Eg lukker auga, reiser tilbake til søppelberget, for å fullføre tankerekka. Restar av skrapmetall stikk meg i ryggen. «Svaret», tenkjer eg, «svaret må være det aller siste eg tenkjer, det aller fjernaste, det mest undertrykte, det motsette av mi noverande drift». Så eg prøver å hugse noko gløymt, noko eg kanskje aldri forsto. Ein fråverande refleksjon, idé eller ei kjensle. Eg fell i djup søvn.
Det siste eg hugsar før eg vaknar er «Kjærleik ». Det var kjærleiken som forsvann. Offerviljen, den totale omsut vart slukt av egoisme. Sansane overmanna kjenslene, tok kontroll. Kjærleik, empati, redsel, sinne, lykke vart fortrengt. Kanskje fordi vi ikkje hadde bruk for kjenslene lenger. Det var lattermaskinene. i situasjonskomediar som fortalte når det var morosamt. Det var den dramaturgiske musikken som fortalde oss når filmen var trist, skummel, aggressiv, øm. Produsenten sin instruksjon om å klappe, fortalde oss når vi skulle bli imponert. Slik var vi underlagt tre, fem timar kjensleinstruksjon kvar kveld. Etter åtte timar styrt og kontrollert arbeidstid..
Reklameplakatar fortalde kva produkt som gav lykke og tilfredse born. Produsentane av medikament og slankeprodukt sa kva som var god helse og kvite smil. Nikotin, alkohol og andre drogar gav meg varme og latter. Framsida på livsstilsmagasin kom med fasit på vellykka. Alle vala vart tatt for meg. Det var ikkje lenger tid for å oppleve eigne kjensler. Berre sansane var aktive i mitt regisserte liv. Dei var den einaste tilfredstillinga eg sat att med. Og dei ville ha meir. Meir, meir, meir.
Det danna seg eit system, der eg fekk rolle som både konsument og produsent. I arbeidstida underla eg meg produksjonen, så eg skulle ha råd til å konsumere. På fritida konsumerte eg, så andre fekk produsere, så dei fekk råd til å konsumere det eg hadde produsert. Ein spiral. Tida til å resonnere, føle, reagere, elske, sosialisere – leve – vart skvisa til null. Avstanda til sjølve livet auka. Forståinga for sjølve livet forsvann. Til slutt hadde sansane tatt over styringa, og dei kunne berre tilfredstillast med konsum.
Også kjenslene for jorda forsvann. Eg brydde meg ikkje lenger om jorda, elska den ikkje utan atterhald. Då trengde eg ikkje lenger gjere det som var bra for jorda. Biologisk mangfald vart eit vesen frå verdsrommet. Eg ville berre ha meir. Så eg dura på, gløymde at jorda treng økologisk balanse for å oppretthalde livet der. I staden for å ta kvar åkerlapp, kvart lokalsamfunn, som sitt eige krinslaup, kutta eg sirkelen. Eg byrja å utvinne mineralar frå gruver på andre sida av jorda. Eg tilførde gjødsel utanfrå. Eg tok rotta på sopp, grashopper og hundekjeks med ddt og roundup og andre kjemikaliar.
Eg slutta å gje tilbake. Sende vakuumpakka matvarer rundt heile verda. Eg skulle jo leve, tene pengar, for å konsumere. Etter kvart vart ikkje jorda jord, den vart sjuk, til slutt ei daud masse. Eg hadde drepe den. Eg skjønte ikkje at det som var bra for jorda, var bra for meg. Alle distraksjonane stal merksemda vekk frå kjelda til livet. Utan ei livskjelde.
Koppen hamnar i oppvaskemaskina med stålfront. Men eg visste kva eg skulle gjere. Eg måtte slå opp. Eg måtte dumpe min einaste kjærleik, alle tinga eg kunne få. Tinga mine. Tinga. Eg måtte sparke hugen ut av medvitet for å kunne elske på verkeleg. Elske ho som gjev oss liv. Jorda.
Henning A. Hellebust
henningah@hotmail.com
Recent Comments