Flaska med Afalon F er merka med ein daudingskalle. Det står miljøskadeleg, også. Eg pakkar meg inn med andedrettsvern og briller, så går nok det bra. Fyrer opp sprøyta med 400 liter lukefrigjerar. Fresar over gulrotrendene. Dø, ugras! Dø!
Byggen eg sådde i april, får ein moderat dose Zenit. Altså, stoffet er miljø- og helseskadeleg, så det er ikkje vits i å overdrive. Skulle det vere for slapt, har eg ei flaske Comet i bakhand. Kornet vert lett angripe av bladlus, jordloppe, flugelarvar og møll også. Og tege, dumme tege, saftesygar. Eg har noko Fastac 50 på øvste hylla i det forskriftsmessig ventilerte og låste kjemikalielageret. Så blandar eg i noko Karate 2,5 WG, for å vere sikker. Eg må berre passe på at det ikkje er nærare enn 30 meter til vatn – vi kan ikkje ha slikt i vassdraget.
Attlegget treng eg ikkje gjere mykje med, for det tok eg med Roundup Eco i haust. Kverka kvar høymole – la heile bøen grå. Der hadde glyfosatet gjort jobben sin, ja. Vel, eg må vel gjerne ha på noko mot frøugraset etter kvart. Då får Express duge, kyrne tåler vel ein liten dose, det er berre merka miljøskadeleg – ikkje helseskadeleg.
Tørråta på potetene skal eg ha sikra meg mot. Sereno WG er rett nok helse- og miljøskadeleg i normale mengder, men skal berre bruke litt. Eg sparer tid på å ha i bladlusmiddelet Pirimor samtidig. Dei giftige dråpane tek garantert knekken på den grøne lusa. Eit lite minus er at biene stryk med også, så eg må ta det før blomstringa.
Sumi-Alpha er sterkaste kort eg har for jordbæra. Det dekkjer bæra som eit vokslag, sjølv i regn! Det betyr ein rask død for allslags småkryp. Det får så vere om rovmidd, edderkopp og andre nytteinsekt stryk med. Helsefara er ikkje så nøye, for eg brukar hanskar og vernedrakt når eg sprøyter, og ber andre halde avstand. Vi skal ikkje ha noko ryggmarksbrokk her på garden.
Eg gleder meg til hausten, og all den deilige maten.
Henning A. Hellebust
Recent Comments