Den 4. oktober havererte det nordiske miljømerket Svanen i eit varehus utanfor Førde. Bortsett frå eit par symbolske miljøtiltak, er det ingen ting ved det gigantiske Coop Extra som gjer det til eit godt miljøval å handle der.
Continue reading "Svanemerket krasjlandar" »
Stadig fleire av artiklane her på ordomjord er svarinnlegg på feilaktige påstandar om økologisk landbruk. Så også denne. Bonde og sivilingeniør Anja K. Fjellvang tek i Nationen eit kraftig oppgjer med regjeringa si satsing på økomat, rett og slett fordi ho ikkje finn ei logisk forklaring. Ho hevdar det ikkje er nokon dokumentasjon på at økologisk mat er sunnare eller meir miljøvenleg. Tvert om, ho meiner konvensjonelt landbruk er ”minst like bra som økologisk”. Dei fleste påstandane hennar er feil.
Les dokumentasjon på at økologisk landbruk gjev helsemessig, dyreetisk, miljømessig og klimatisk gevinst nedanfor.
Continue reading "Feil om økomat" »
Å dyrke drivstoff på den allereie hardt pressa matjorda. Eller høgge ned regnskog for å dyrke drivstoff. Eller drenere ut metandampande myrer og sumpar for å dyrke drivstoff. Alt for å dekke det veksande energibehovet som går med til ei galloperande globalisering. Det er ein illusjon at agrofuelen kan hjelpe oss å bremse den globale oppvarminga. I alle fall ikkje utan å påføre planeten og innbyggarane mange andre skader.
Ein god stad å sette seg inn i denne problemstillinga, er på sidene til Grain. Dei har samla ei rekke artiklar og konkludert No to the agrofuel craze.
Continue reading "Til kamp mot agrofuel" »
Det pipla inn med forespørslar frå Facebook. Sjølv ikkje junkfilteret til e-posten min stoppa frieria om
virtuelle venskap. Så til slutt gav eg etter, og registrerte meg. Nysgjerrigper. Etter to døgn hadde eg sikkert brukt fem-seks timar på å leite opp gamle vener og kontaktar, klikka frenetisk for å oppdaterte profilen, finne fleire vener. Få respons. Eg kjente meg som ein av Pavlovs hundar.
Ute skinte sola, og bøen var framleis ikkje pløygd.
Continue reading "Hasta la vista, facebook" »
Igjen vert sauenæringa feilaktig dratt fram som halvøkologisk. Denne gong er det bygdeforskarane Storstad og Rønningen som gjer feilslutninga på kronikkplass i Klassekampen.
Enn så idiotisk det høyrest ut: norsk sauehald er i prinsippet med å rydde ut regnskogen i Amazonas. Nettopp difor er det stor miljøgevinst i å legge om norsk sauehald til økologisk.
Continue reading "Halvøkologisk myte" »
Faksimile Dagbladet 10. januar 2007.
Gjennom Dagbladets og NRK’s edder- og gallejournalistikk får du servert mest mogeleg grove påstandar om økologisk landbruk. Kva som er sant, er det ingen som prøver å finne ut av.
Continue reading "Det du ikkje får vite" »
Ein viss hotellkonge ropar etter økologisk brunost. Tine ropar tilbake at det ikkje finst økologisk mjølk. Kvifor er det då slik at dei 100.000 literane med økologisk geitemjølk Kjøsnes produserer, ikkje vert brukt til økologisk ost?
Continue reading "Mystisk mjølkemangel" »
Økologane meiner konvensjonelt landbruk utarmar jorda. Den konvensjonelle læra seier det same: utan kunstgjødsel, vil jorda gå tom for næringsstoff. Og så svelt vi i hjel. Kven har rett?
Continue reading "Myta om utarming" »
Det pågår ein hard kamp i spaltene til Nationen for tida. Om kva som er sant og ikkje sant når det gjeld økologisk landbruk. Det heile starta med ein kronikk av ex matforsk-forskar Kristen Fretheim, direktør ved tidlegare Skogforsk.
Konklusjon er at det einaste som "lar seg dokumentere, er at "økologisk" mat er vesentleg dyrare enn vanleg mat". Ein kan altså sjå bort frå alle påståtte miljø- og helsegevinstar ved økologisk landbruk. Alle desse tusen forskarane som meinar å ha dokumentert noko anna, har teke feil. Vitskapelege tidsskrift som har trykt forskinga, har teke feil. Forbrukarar som etterspør maten, tek feil. Politikarar som ønskjer å auke den økologiske produksjonen tek feil.
Han skal ha gode kort på hånd for å komme med ei slik påstand. La oss vurdere desse:
Continue reading "Økologisk versus konvensjonelt" »
Gilde og Prior får slå seg saman, har statsråd Heidi Grande Røys bestemt. Kjøtsjefane Mork og Haram, hevdar konsekvensane vert større mangfald av norske matvarer, betre kvalitet og tryggare mat. Sjeldan er ord tommare.
Formålet med fusjonen er nemleg ikkje å gjere norske forbrukarar nøgde. Nei, grunnen avslørte Gilde-sjef Axel Krogvik på ein kjøttkonferanse i Oslo nyleg. Samanslåinga skal betre marginane, for å møte større konkurranse frå private slakteri, nisjeprodusentar og utlandet. Kjøt skal bli billegare. Det betyr færre og meir effektive slakteri, som igjen betyr lenger dyretransport og lenger forureinande transport av mat. Skal kjøtet bli billegare, får gardbrukarane mindre marginar, som igjen betyr at dei må vekse til større einingar. Vi får meir industrialisering, som gjev hardare press på miljøet, mindre biologisk mangfald. Det gjev dårlegare kvalitet og mindre dyrevelferd. Vi får meir einsretting i produksjonen, og mindre mangfald i matfatet.
Continue reading "Godtek kjøtoligopol" »
Recent Comments