Det fremste grepet for å få opp økologisk produksjon, er å gjere den mindre økologisk.
Akkurat no er det ein intens kamp for å auke produksjonen av økologisk mat i Norge. Eitt av grepa er å gjere økologisk mat mindre økologisk. Jepp, du leste rett. Dersom vi skal få fleire bønder til å drive økologisk, er det ikkje bøndene si drift som skal endrast, men regelverket som skal tilpassast eksisterande, konvensjonell drift.
Continue reading "Spenn kyrne fast!" »
Det er nesten ikkje til å fatte, men det er sant. For 200 år sidan produserte gardar med husdyr meir enn vi gjer i dag. Ikkje i totalt volum eller vekt, men netto produksjon var langt større på gardsbruka før enn no. Er det mogeleg?
Continue reading "Produksjonsparadokset" »
Reddik dyrka i Sverige er den minst belastande matvara for klimaet. Derfor skal alle frå og med i dag berre ete reddikar. Vi byrjar med reddikblanding til frukost. Hugs å smørje reddikmatpakke. Til middag, deilig reddikgryte. Kvelds? Stekt reddik. Til jul blir det pinnereddik, ei veke seinare nyttårsreddik. Påskereddiken blir eit garantert langstekt høgdepunkt. På sommargrillen svir vi reddikskiver. No har vi redda klimaet, og alle er fornøgde.
Reddikdømet kan virke litt søkt, men det er høgst relevant. Debatten om vi bør ete rødt eller kvitt kjøt, viser at mat frå no av er redusert til CO2-ekvivalentar.
Continue reading "Leve reddiken!" »
Dersom omlegginga til økologisk landbruk går i same tempo som no, vil målsetnaden om 15 prosent økologisk landbruk nåast i 2057. Tidlegast. Regjeringa har ikkje knekt økokoden.
Continue reading "Knekker ikkje økokoden" »
Vestlandet hadde ein nedgong på fem prosent i økologisk areal i fjor, medan resten av landet hadde ein tilsvarande stor auke. Målet om at Hordaland og Sogn og Fjordane skal bli ein økologisk region, liknar meir og meir eit fantasiprosjekt.
Continue reading "Vestlandet: økologisk tilbakegang" »
Når Bondelaget skal komme med løysingar på den akutte mangelen på økologisk mjølkeproduksjon, vert det ei bondelagsløysing: køyr på med kraftfôr, kara! Drit i økologien.
Continue reading "Korttenkt og uøkologisk kvotekjøp" »
Mangfaldet i Europeiske økodiskar syner at mjølk kan vere så mangt. Berre sjå denne økodisken til Arla: Mjølk med regionalt opphav, som sjællandsk tjukkmjølk og mjølk frå Himmerland og Marsk. Så finst det kjernemjølk, eit overskot frå smørproduksjon.
Dessutan fører dei sjokomjølk og tre typar drikkeyoughurt, inklusiv naturell utan sukker. I tillegg koldskål (fløyte, egg, vanilje og sukker), kremfløyte, cremefraiche og smør. Dessutan dei faste postane, som skumma mjølk, minimjølk, lettmjølk og heil mjølk. Alt økologisk.
Forsking presentert på årets europeiske økologikongress i Danmark, gjev bod om at slik klassifisering kan gjennomførast også i Norge.
Herved er Urmjølk lansert.
Continue reading "Mjølk er ikkje berre mjølk" »
For mykje raudt kjøt er helsefarleg. Det hadde ikkje trengt å vere slik. Den skuldige er det subsidierte kraftfôret.
Les om korleis vi gjer kjøt usunt ved å fôre dyra feil...
Continue reading "Subsidiert hjarteåtak" »
Konvensjonell mat er annanrangs. Sånn, no er det sagt. Konvensjonell mat, på eit prinsipielt grunnlag, er verkeleg annanrangs. Den før oss ikkje. Den gjer oss sjuke. Den skulle vore forboden.
Den gjev oss meir av det vi ikkje har godt av, og mindre av det vi har godt av.
Continue reading "Annanrangs mat" »
Det er vanleg blant mange bønder, forbrukarar og kommentatorar, å meine at norsk sauehald omtrent er økologisk, då lamma går på utmarksbeite store delar av sommaren. Dei same meiner at det berre er kosmetiske endringar som skal til for å kunne sertifisere det som økologisk.
Dette er ei misforståing.
Continue reading "Misforstått norsk sauehald" »
Recent Comments